Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
2 min lesetid
Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre 30 minutt frå sentrum. Voss er ei kjend bygd, mykje grunna Ekstremsportveko, den største festivalen av sitt slag i verda. Du finn nær eit uttal aktivitetar på Voss for heile familien, frå ekstremsport til bowling. I løpet av sommaren kan du bli med på eit stort utval av adrenalinfylte aktivitetar – hopp ut av eit fly høgt over bakken, kjenn på naturkreftene på ein raftingtur, balanser frå tre til tre i klatreparken eller ta deg ein dukkert i Vossabadet.
På familieturen i Norge kjem ein ikkje unna eit stopp i vindtunnelen på Voss. Her kan ein oppfylla draumen om å fly som supermann og få eit minne for livet. Dette er absolutt det mest vêrsikre aktivitetstilbodet i bygda – og ikkje minst eit av dei aller mest unike og spanande! Denne aktiviteten er kjekk uavhengig av erfaring og nivå, og alle som er over 5 år kan fly.
Voss klatre- og ziplinepark finn du i naturskjønne omgjevnadar like ved Strandaelva i Åsbrekkegjellet, berre 15 minutt frå Myrkdalen. Klatreparken inneheld små løyper for dei minste, to store løyper og ei ziplinepark med totalt 60 element. Løypene i klatreparken er varierte, morosame og utfordrande for barn så vel som vaksne. Ziplinene går frå tre til tre gjennom skogen og over Strandaelva der den lengste ziplinen er 150 meter og føl elvestryka nedover!
Midt i Voss sentrum finn du Voss Bowling. Eit stort aktivitetsenter med moro for alle aldrar. I tillegg til bowling kan du ta eit slag biljard eller el-dart. For dei minste er det over 300 kvadratmeter store leikelandet ein sikker vinnar på ein regntung dag. Her finn du og kafé med rettar som passar anten du er berre litt eller veldig svolten.
Dette er ein perfekt familieaktivitet om vèret ikkje spelar på lag i ferien. I Vossabadet, midt i Voss sentrum, finn du ein innandørs badehall med tre basseng, stupetårn og sklie.
Rafting er ein av dei mest populære sommaraktivitetane på Voss – spanande, morosamt og passar for nybyrjarar så vel som erfarne! Frå mai til oktober tilbyr Voss Rafting halvdagsturar på Strandaelva eller Raundalselva, avhengig av vasstanden. Begge elvene held topp internasjonal klasse med spanande grad 3 – 4 stryk.
Er du ute etter ein spanande aktivitet med barn, anbefalar me familierafting i Vosso. Voss Rafting tilbyr familierafting kvar dag frå mai til oktober. Her kan familien prøva både store og stødige båtar som tek opp til 8 deltakarar, samt små 2-mannsraftar for dei som vil ha større utfordringar. Det blir garantert mykje bading og moro for alle! Aldersgrense 5 år.
For dei som ynskjer ein skikkeleg luftetur, anbefalar me eit tandem fallskjermhopp hjå Skydive Voss. Som tandemelev får du oppleva fritt fall på ein kontrollert måte, trygt fastspent til ein erfaren, og spesialutdanna fallskjerminstruktør. Voss Fallskjermklubb er den største fallskjermklubben i Norge og du finn dei i Bømoen, ca 10 km utanfor Voss Sentrum.
Voss - bygd for sterke opplevingar
2 min lesetid
3 min lesetid
1 min lesetid