Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Inspirasjon

10 gode grunnar til å vitje Myrkdalen i sommar

Tre barn går hånd i hånd over en gresslette med utsikt utover fjellene i bakgrunnen en sommerdag.

10 gode grunnar til å vitje Myrkdalen i sommar

5 min lesetid

Reading progress

Legg du Noregsferien til Myrkdalen i sommar, får du oppleve nokre av dei beste fjell- og fjordopplevingane landet har å tilby.

Myrkdalen Fjellandsby ligg i Fjord-Noreg, like ved Sognefjorden, verdskjende Nærøyfjorden og ekstremsportbygda Voss. Her står aktivitetane i kø - perfekt for dei som ynskjer ein aktiv ferie.

© Chris Baldry

1. Familievennleg terrengsykling

Rundt Myrkdalen Hotel finn du tilrettelagde sykkelstiar for born og nybyrjarar, samt ein 850 kvm stor pumptrack, som er den største av sitt slag i regionen. Like ved skibrua over rv. 13 mot Årmotslia er dei populære hoppelinjene i ulike vanskegrader.

Tre ting du ikkje vil gå glipp av i Myrkdalen; terrengsykling, topptur og fjordtur


Et par på sykkeltur på fjellet passerer et fjellvann i fint vær.
© Sverre Hjørnevik/ Fjord Norway
Et par på sykkeltur sykler over ei bru på fjellet.
© Sverre Hjørnevik / Fjord Norway

Ynskjer du å oppleva høgfjellsterreng på sykkelsetet, er grusvegane på Vikafjellet eit godt alternativ å utforska. Myrkdalen Sport & utleige har både terrengsyklar og el-syklar til utleige og dei gjev deg gjerne turtips.

Rallarvegen frå Finse til Flåm

Kva med å starte sykkelferien på Rallarvegen, frå skrint høgfjellsterreng på Finse til frodig landskap i Flåm? Denne historiske vegen som går frå Ustaoset til Flåm, vart laga av rallarane som bygde Bergensbanen på slutten av 1800-talet. Avslutt turen på historiske Fretheim Hotel, før nye sykkelopplevingar ventar i Myrkdalen, knapt ein time unna.

Luftig utsikt fra stolheisen, som tar turgåere høyt opp på fjellet også sommerstid.
© Sverre Hjørnevik

2. Fjelltur frå toppen av stolheisen

Stolheisen rett ved Myrkdalen Hotel er open i sommarmånadane juli og august. På fem minutt blir du frakta 850 moh og herifrå er moglegheitene mange. For små barneføter er det passande å følgje vegen eit par km nedover til Fjellstova Vetlebotn. Ved fjellstova er det tilrettelagt for leik og aktivitetar utandørs, og her kan ein kjøpe både iskrem, kaffi, heimelaga lappar. Frå Vetlebotn kan du følgje naturstien til Helgatun og tilbake til hotellet. Han har varierte postar for heile familien og er tilgjengeleg heile sommarhalvåret.

Om du ønskjer å gå til ein fjelltopp, tilrår me Finnbunuten 1358 moh, som byr på fantastisk utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna. Eit anna, og kortare alternativ er å gå over til idylliske Mørkvesstølen. Hugs å ta eit friskt bad i dei små kulpane i elva!

Legg ferien til Vestlandet og opplev det beste av norsk natur!


3. Unik overnatting i ei gamal løe

I Myrkdalen har du sjansen til å overnatta i ei gamal løa, omgjeven av historie og vakker natur. Ein snau kilometer frå Myrkdalen Hotel ligg Tråfjosen, ein fjøs der kyr på sommarbeite vart samla og mjølka i gamle dagar. Fjøsen har stått tom i over førti år, men no blir den tatt i bruk att - som overnattingsstad for folk.

Innvendig er båsane for kyrne framleis intakte, med fine steinheller til å skilja den eine frå den andre. I sørenden er det installert ein modul der tre vaksne eller to vaksne og to born kan overnatta. Eit vindauge strekk seg mot utsynet. Det blir som eit tredimensjonalt rom, men også som eit møbel. Sett frå utsida er det det einaste som indikerer at løa har endra seg. Til ein unik overnattingsstad som du kan oppleva heile året.

4. Sommarprogram

Me har laga eit spennande sommerprogram med daglege aktivitetar i 6 veker. Aktivitetane er tilpassa alle aldrar og passar for heile familien. Frå kl. 10.00 - 12.00 er det gratis tilrettelegging, der ein kan bli med på tekning, legobygging og klipp og lim aktivitetar inn på hotellet. Frå kl. 13.00 - 15.00 kan du bli med betalte aktivitetar som tur til villmarksleiren i Årmotslia, nostalgileikar og guida tur til Vetlegrongen.

5. Familiefiske med guide

Det nappar i snøret og forventningane stig - fisketur med born er ei oppleving, uansett kva utfallet blir. Kvar dag i juli og august kan heile familien bli med på aurefiske i ferskvatn - frå robåt eller i høgfjellet. Dette er ein familievenleg aktivitet med fiske og naturoppleving i fokus.

6. Fjellturar med fjordutsyn

Verdsarvlandskapet mellom Myrkdalen og Flåm byr på fantastiske fjellturar som gjev deg både magesug og spektakulær utsikt. Tar du turen opp Breiskrednosi får du ei formidabel utsikt, 1100 meter over havet til Nærøyfjorden mot Bakkanosi og Gudvangen.

Denne turen kan ein starta ved å gå opp Rimstigen, men merk at dette er ein lang og krevjande tur som går i umerka terreng.

7. Den beste pizzaen på Vestlandet

I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får både hotellgjestar og gjennomreisande servert den beste pizzaen i mils omkrets. Det går gjetord om pizzaen vår – lukker ein auga må ein minna seg sjølv på at ein er på eit fjellhotell i Noreg og ikkje på ein Piazza i Napoli.

8. Opplev Flåm og Nærøyfjorden

Snaue 45 minutt køyring frå Myrkdalen finn du den vesle fjordbygda Flåm inst i Aurlandsfjorden, som er velkjend for det majestetiske fjordlandskapet. Her står opplevingane i kø - nyt urørt, rå og vakker natur på eit fjordcruise, ta skandinavias lengste zipline frå toppen av verdskjende Flåmsbana, eller bli bergtatt av panoramautsikta frå Stegastein utsiktspunkt.

I Restaurant Arven på Fretheim Hotel får du tradisjonsrettar med ein moderne vri laga av lokale råvarer. Treng du påfyll mellom aktivitetane eller ynskjer du å ta med niste på tur, kan du stikka innom Flåm Bakeri for heimelaga sandwichar og andre bakevarer bakt på surdeig.

9. Bading

Er du ein badenymfe som likar friske bad i kulpar, fossar, fjellvatn og elvar? Bademoglegheitene i området rundt Myrkdalen er uendelege. Me deler perlene med deg, slik at du kan oppleva forfriskande bad i fjellvatn - perfekt etter ein fjelltur!

10. Vitje adrenalinbygda Voss og klatreparken

Myrkdalen ligg i den nordlege delen av Voss herad, berre 30 min frå Voss sentrum. Voss er ein plass mange har kjennskap til, både i inn- og utland, mykje grunna Ekstremsportveko - den største festivalen av sitt slag i verda som blir arrangert kvart år i juni. Gjennom heile sommaren kan du oppleva aktivitetane som festivalen er tufta på - kast deg ut av eit fly fleire tusen meter over bakken, fly som supermann i vindtunnelen, kjenn på kreftene i elva på ein raftingtur eller balanser frå tre til tre i klatreparken.

Relaterte artiklar

Sjå alle artiklar