Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Inspirasjon

Julegåvetips: Oppfyll draumar, skap minner

Julegåvetips: Oppfyll draumar, skap minner

3 min lesetid

Reading progress

Julebrusen har for lengst innteke butikkhyllene, julebelysninga lyser opp gatene, og lista over gjeremål blir stadig lenger – trass i alle avkryssa punkt. Du ynskjer å gje dei du er glad i ei gåve som verkeleg treffar, men blir den genseren du synest er så fin, brukt meir enn éin gong? Med eit gåvekort frå Norways Best gir du fridommen til å velja ei oppleving som garantert blir sett pris på.

Gje eit gåvekort i julepresang

Gled ein du bryr deg om med ein minneverdig oppleving!

Bestill her

Me har samla nokre tips til kva eit gåvekort hjå oss kan brukast til. Men hugs, den du gjev til veljar heilt sjølv. Moglegheitene er mange!

©️ Sverre Hjørnevik

Har du foreldre som fortener ei natt på Fretheim Hotel? Hotellet har eigne historiske rom og ligg midt i den sjarmerande bygda Flåm. Eller kjenner du ein som elskar å stå på ski og gjerne skulle vakna opp til snødekte fjell i Myrkdalen? Hotel Aurlandsfjord byr på ro med nærleik til storslått natur. Her kan ein starta dagen med ein fjelltur før frukost eller berre nyta lange dagar med fjordutsikt og smakfulle måltid.

Tenk å vakna opp i ei mjuk hotellseng og rusla ned til ein innbydande hotellfrukost, der dufta av nybryggja kaffi og ferskt brød fyller lufta.


Til matentusiasten

For dei som elskar nye smakar, dufter og gastronomiske opplevingar, er eit besøk på Kest på Hotel Aurlandsfjord midt i blinken. Kjøkkensjef Mantas Vaidelis komponerer ein 8-rettars meny i stadig endring, basert på lokale og sesongbaserte råvarer. Kest er ope frå mai til september.

© Chris Baldry

Dette er fine dining som utforskar det beste av smakane til regionen! Kest tilbyr også sider- og ostesmaking, perfekt for dei som liker å dykka ned i nye smaksunivers.

Restaurant Nuten i Myrkdalen får ein servert kortreist mat inspirert av det ville, vakre landskapet rundt. Dersom ein ønskjer å kvila auga på både fjord og fjell under middagen, er Restaurant Arven i Flåm ideelt.

Til luksusdyret

Me kjenner alle ein som set ekstra pris på ei god hotellseng, boblar i glaset og noko eksklusivt å leggja på tunga. Ei natt i den historiske tårnsuiten på Fretheim Hotel gir ei unik oppleving der ein kan pakka seg inn i mjuke badekåper og tøflar, medan den vakre utsikta over Flåm set stemninga for eit uforgløymeleg opphald.

I Myrkdalen tilbyr me elegant Afternoon Tea, der lyden av gammalt porselen og smaken av delikate smårettar gir gjestene ein smakebit av ordentleg 1800-tals luksus.

©️ Sverre Hjørnevik

Til romantikaren

Den vesle bygda Aurland er ei romantisk vestlandsperle. Overnatting på Hotel Aurlandsfjord gir sjøutsikt rett frå senga, medan ein dagstur opp til Stegastein utsiktspunkt byr på utsikt som slår pusten frå ein – ein magisk augneblink å dela med ein kjær.

Seinare kan turen gå vidare til den UNESCO verdsarvlista Nærøyfjorden. Om bord på Fjord Cruise kan gjestene nyta eit glas vin, medan dei glir gjennom ein av dei vakraste fjordane i verda, omgitt av mektige fjell og dundrande fossar.

I Myrkdalen kan ein ta middagen på Nuten Fondue, der ein tradisjonell fonduegryte blir plassert midt på bordet og byr på ei sveitsisk matoppleving med møre kjøttbitar og dei herlegaste ostar.

©️ Sverre Hjørnevik

Til den sporty

Dei som elskar dagar fylt med aktivitet kan trygt setjast av i Myrkdalen Fjellandsby. Her kan gåvekortet blant anna brukast på overnatting på Myrkdalen Hotel og heiskort, slik at ein kan vakna opp, spenna på seg skia, og kasta seg ut i nypreparerte løyper. For dei som ønskjer å finjustera teknikk og stil, er skiundervisning også ein flott moglegheit. Ein fartsfylt aketur etter ein lang dag i bakken vil appellera til den eventyrlystne, medan ein rolegare trugetur byr på ei hyggjeleg oppleving i naturskjønne omgivnader.

Ein tur til Flåm kan også by på fart og spenning. Flåm Zipline får garantert pulsen til å slå i det ein susar gjennom det vakre fjordlandskapet i opptil 100 km/t. Freistar det med sjøsprut og vind i håret kan Fjordsafari ta ein med på RIB-tur gjennom dei UNESCO-beskytta fjordane. Med ein guide som kjenner kvar krik og krok, kjem ein tett på dramatiske fjellveggar og brusande fossefall.

© Chris Baldry

Til den som har alt

Ei oppleving som fyller på minnebanken vil alltid vera ei kjærkommen gåve, uansett kor mykje ein har frå før. På Flåm Bakeri kan gåvekortet bytast inn i nydelege bakarvarer, nybakte brød og aromatisk kaffi. Ta med deg noko godt å bita i og ta toget oppover dalen med Flåmsbana. Turen er kjend som ei av dei vakraste togreisene i verda.

Dersom den du kjøper til er glad i å handla stort og smått kan gåvekortet brukast på kvalitetsprodukt i butikken Memories from Flåm.

© Chris Baldry

Relaterte artiklar

Sjå alle artiklar