Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
2 min lesetid
Flugefiske er for mange rein meditasjon og ein flott måte å nyta natur og omgjevnadar på. Lærer du deg kasteteknikk frå første stund vert gleda enda større.
Sporten passar nær sagt for alle aldrar, kan utøvast uansett vær og sesongen varer nærast heile året – så lenge det ikkje ligg is på fiskevatna eller elvane er frosne igjen, kan du nyte gleda av å fiske med stang og flue. Her er tre tips til deg som vil koma i gong med denne typen sportsfiske.
På Voss er det sesong for fluefiske frå mai til september.
Her kan du fiska i meir enn 500 fiskevatn og elver.
Det som skil flugefiske frå å fiske med sluk, er utsyr og teknikk. Kan du ikkje kaste, vil du neppe ha stor glede av denne sporten. Spar deg for mykje frustrasjon og lær deg kasteteknikk først som sist. Når du har gjort det, har kunnskap om insekt og korleis fisken flyttar seg, vil du fortare få glede av sporten. Flugekastekurs passar frå cirka 10-årsralderen og oppover, og sporten er utan tvil familievenleg.
Fluefiske treng ikkje å vere ein dyr sport. Investerer du i ei utstyrspakke med stang, snelle samt flyteline og eventuelt vadebukse og -sko har du utstyr for lang tid framover.
Allemannsretten gjer at ein har lov å fiske og hauste av naturen i Noreg, men for å fiske i vatn og elvar er det nødvendig med fiskekort. Med vossakortet i lomma får du tilgong til meir enn 500 fiskevatn og elvar, og ønskjer du å fiske på Vikafjell og i Myrkdalen fins det eige fiskekort for desse områda. Fiskekort kan kjøpast på Myrkdalen Hotel eller på inatur.no
...flugefiske tar utgangspunkt i å etterlikne fisken si naturlege føde, som insekt og andre byttedyr? ein skil gjerne mellom tørr- og våtfluer samt nymfeimitasjonar. Med tørrfluer føregår fiske på sjølve vassoverflata, medan fiske med våtflue skjer under overflata då dei ofte imiterer fiskeyngel og symjande insekt.
2 min lesetid
3 min lesetid
1 min lesetid