Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Inspirasjon

Opplev Flåm og Nærøyfjorden

Jente på fjordcruise beundrar ein blikstill fjord og snødekte fjell.

Opplev Flåm og Nærøyfjorden

2 min lesetid

Reading progress

Berre 35 minutt frå Myrkdalen finn du den UNESCO-lista Nærøyfjorden. Ta ein dagstur til Flåm og nyt den storslagne vestlandsnaturen på nært hald. Elektriske fjordcruise tar deg stille gjennom fjordane og verdskjente Flåmsbana er like spektakulær vinter som sommar. Før du vender tilbake til Myrkdalen bør du også ta ein tur oppom utsiktspunktet Stegastein - her får du eit panorama utan sidestykke.

Opplev det spektakulære fjordlandskapet på UNESCO si verdsarvliste.


Unik togreise med Flåmsbana

Bli med på ei av verdas vakraste togreiser frå Flåm til Myrdal! Flåmsbana byr på det meste: Frå vakkert fjordlandskap nede ved havet til vilt fjellandskap med snødekte toppar. Gjennom kulturmark og historiske tradisjonar heilt tilbake til heidensk tid. Turen tek ca 2 timar tur/retur Flåm.

Toget ålar seg fram oppover dalen langsmed elva ein sommardag.
© Sverre Hjørnevik
Ein togpassasjer kikar ut av vindauget utover Flåmsdalen ein vinterdag.
© Chris Baldry

Fjordcruise på Nærøyfjorden

Det er ikkje tilfeldig at Nærøyfjorden står på UNESCO si verdsarvliste. Eit fjordcruise gjennom denne smale og vakre fjorden gjev deg eit minne for livet!

Båtturen mellom Gudvangen og Flåm tar 2 timar ein veg, 1 time på Nærøyfjorden og 1 time på Aurlandsfjorden, og kan gjerast begge vegar. For retur tilbake til start anbefalar me å bestilla tur med korresponderande skyttelbuss.

Fjordcruise med passasjerar på veg til Flåm om sommaren passerer bratte fjell.
© Sverre Hjørnevik

Kom nært på fjorden i RIB

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur med Fjordsafari på Aurlandsfjorden og i verdsarvområdet Nærøyfjorden! Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med kunnskapsrike guidar.

Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden. Guiden deler lokale historiar og segner frå området, medan ein speidar etter sel, nise og ørn undervegs.

Vidstrekt utsikt over Aurlandsfjorden frå Stegastein utsiktspunkt. Snøen dekkjer fjelltoppane.
© Sverre Hjørnevik

Fjorden frå eit fugleperspektiv

Stegastein Utsiktspunkt heng 30 meter ut frå fjellsida, 650 meter over fjorden, og tilbyr ei panoramautsikt utan sidestykke. Eit meir fantastisk utsyn over fjorden, fjella og det flotte fjordlandskapet skal du leite lenge etter.

Du blir frakta med buss frå Flåm til utsiktspunktet. Ein treng med andre ord ikkje vera i fysisk god form for å oppleva utsiktspunktet.

To syklistar stoppar undervegs på Rallarvegen for å beundre ein foss ein solskinsdag.
© Sverre Hjørnevik

Andre ting å gjera i Flåm

For å vera ei lita fjordbygd med rundt 350 innbyggjarar, så har eit veldig stort og variert aktivitetstilbod. Reiser du med litt eldre born er til dømes Flåm Zipline ein sikker vinnar. Flåmsbana, vandring og sykkeltur ned Flåmsdalen er ein annan god kombinasjon.

Ein bratt men elles enkel tur med uslåeleg utsikt er stien til Prest, som startar like over Stegastein. Vikingbyen i Gudvangen er også ei artig oppleving for heile familien.

Bakeridisk fylt med kanelbollar og skulebollar.
Kjøp nista på Flåm Bakeri – © Chris Baldry
Tallerk med burger og stekte poteter på restaurant.
Burgerlukke på Restaurant Utsyn – © Chris Baldry

Mat og drikke

Mat må ein ha, anten ein skal på sykkeltur, fjelltur eller berre nyta utsikten frå tog eller båt. Når du kjem til Flåm anbefalar me å stikke innom Flåm Bakeri for å kjøpe noko godt å ha med vidare. Her finn du både påsmurt, nysteikte brød og søte bakevarer. Pluss god kaffi!

Vil du ha middag før returen til Myrkdalen bør du stikka innom Fretheim Hotel. Her kan du velja mellom restaurantane Utsyn og Arven. På førstnemnte får du mogleg regionens beste burgarar, og på den andre vert det i sommarhalvåret servert buffé med alt ein kan tenkja seg av kalde og varme rettar.

Relaterte artiklar

Sjå alle artiklar