Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Inspirasjon

Noregsferie med born? Opplev Myrkdalen

Mange tar stolheisen opp på fjellet sommerstid.

Noregsferie med born? Opplev Myrkdalen

4 min lesetid

Reading progress

Legg Noregsferien til Myrkdalen og la borna oppleva kremen av fjord og fjell i sommar! I familievenlege Myrkdalen på Voss får de ein aktiv sommarferie som kombinerer fjellturar, terrengsykling, fisking og fjordidyll.

Den ideelle basen for ein aktiv ferie

Myrkdalen ligg i den nordlege delen i Voss herad, ei bygd som er kjend for eit mangfald av adrenalinfylte aktivitetar. Med Myrkdalen som base har de nærleik til ei rekkje utandørsaktivitetar for heile familien. De har fjella rett utanfor døra, med stiar og grusvegar klare for å bli utforska.

Myrkdalsekspressen går i juli og august. – © Sverre Hjørnevik

Start fjellturen med stolheis

Eit steinkast unna Myrkdalen Hotel ligg Myrkdalsekspressen, stolheisen som tek heile familien høgt til fjells på 5 minutt.

Frå toppen på 860 moh. kan de gå ned til Fjellstova Vetlebotn eller innover til idylliske Mørkvesstølen. Langsmed stien her er det flotte kulpar i elva som ein kan bade i på varme sommardagar. Ynskjer de ein lengre tur, kan de gå vidare mot Svortetjødn frå stølane.

Tre venner på fjelltur går langs grusvei en sommerdag.
På tur med store og små ned til Vetlebotn – © Sverre Hjørnevik
Et turfølge med voksne og barn ankommer fjellstova for en matbit.
© Sverre Hjørnevik

Natursti til Fjellstova Vetlebotn

Natursti er moro og gjer fjellturen meir spennande for borna. På stien mellom Helgatun og Vetlebotn kan heile familien bryna seg på ulike postar med varierte spørsmål. Kart og svarark får de på Myrkdalen Hotel. Borna får sjølvsagt ein liten premie når dei har fullført oppgåvene.

På toppen av naturstien finn de Fjellstova Vetlebotn, perfekt for ein velfortent pause for dei minste. Nyt ein kaffikopp, ein kald is, heimelaga lappar, før de fortset turen ned att.

Myrkdalen Hotel i ettermiddagssol.

Overnatting i Myrkdalen

I Myrkdalen på Voss tilbyr me overnatting for ein kvar smak. Du kan velja mellom å bu på moderne Myrkdalen Hotel eller i koselege leilegheiter og hytter med sjølvbetening.

Bestill her

Sykling for store og små

Rett utanfor Myrkdalen Hotel finn du ein 850 kvm pumptrack og ei tilrettelagt terrengsykkelløype med ulike element. Pumptracken, som den største av sitt slag i Vestland, består av formasjonar, kuler og svingar. Her er det ikkje berre moro for borna – etter tilbakemeldingane å døme begeistrar denne vel så mykje mor og far.

Og har du ikkje sykkel med? Ingen problem - du leiga syklar til vaksne og born.

Ved skibrua som går over RV13 mot Årmotslia har me også nokre hopplinjer. Desse har ulike vanskegrader, så her er det noko for alle!

Store og små barn på sykkel i pumptracken utenfor Myrkdalen hotel.
Sykkelanlegget kan nyttast fritt gjennom heile sommaren – © Jon Hunnålvatn Tøn
Barn hopper på sykkel i terrengsykkelløypa.
© Sverre Hjørnevik

Prøv familievenleg frisbeegolf

Frisbeegolf er ein av verdas raskast veksande sportar, og har blitt svært populært også i Noreg dei siste åra. Kvar sommar i Myrkdalen vert det sett opp ein familievenleg 5-hols bane der målet er å treffa korgene med kvar sin frisbee med færrast mogleg kast.

Banen er gratis å bruka. Om de ikkje har eigne frisbeear kan de leiga på Myrkdalen Hotel.

Fjelltur på Vikafjellet med bading og fisking

Høgfjellsterrenget på Vikafjellet ligg kun 15 minutt køyring frå Myrkdalen. Dette området byr på grønt og frodig landskap og eit mangfald av stiar for barnefamiliar. Stien langsmed dei fire fjellvatna i Sendedalen er perfekt for små barneføter. I lettgått og kupert terreng kan de velja kor langt de vil gå innover, og bading på dei små naturlege strendene er eit must.

Fjellvatna er også perfekt for ein fisketur med heile familien. Berre hugs å kjøpa med dykk fiskekort til området. Dette får du kjøpt på Myrkdalen Hotel.

En gruppe smilende barn poserer for fotografen foran et fjellvann.
Fiskevatna ligg på rekke og rad i Sendedalen – © Sverre Hjørnevik
En gruppe fisker i et fiskevann på fjellet i solskinn.
© Sverre Hjørnevik

Hinderløype

Self-timer systemet me nyttar vinterstid i Landsbybakken, er å finna på oppsida av Myrkdalsstovo frå 1. juli. Her kan de utfordra dykk sjølve og kvarandre i ei kort, men intensiv hinderløype. Kor lang tid brukar de?

Bestill overnatting i Myrkdalen

Myrkdalen Hestesenter

Rett over vegen frå Myrkdalen Hotel finn du Myrkdalen Hestesenter som tilbyr både bane- og fjellriding for hesteglade born. Dei har også open gard der borna får koma tett på dyra om dei ynskjer.

Myrkdalen Hestesenter tilbyr bane- og fjellriding for alle hesteglade – © Sverre Hjørnevik

Besøk klatre- og ziplineparken

Voss Klatrepark i naturskjønne omgjevnadar er berre 15 minutt køyring frå Myrkdalen. Leik dykk i høgda med varierte klatreløyper for born heilt ned i 3-års alderen til høgare og meir krevjande løyper for dei eldste. Dei mest vågale kan testa ut zipline-parken som går over elvestryka!

Voss Klatrepark ligg kun 15 minutt køyring frå Myrkdalen – © Voss Active

Sykla rallarvegen frå Finse til Flåm

Har du større born bør den historiske Rallarvegen, som vart laga av rallarane som byggja Bergensbanen på slutten av 1800-talet, bli med på lista di. Strekninga frå høgfjellsterrenget på Finse til fjordlandskapet i Flåm kan syklast på ein dag. Ynskjer du eit magesug på vegen kan du byta ut sykkelen med Flåm Zipline ned til Kårdal.

Et par sykler på Rallarvegen gjennom et vakkert naturlandskap.
Frå fjell til fjord på Rallarvegen – © Sverre Hjørnevik/ Fjord Norway

Topptur med utsikt heile vegen

Fjelltoppen Prest ved Aurlandsfjorden er ei perle av ein fjelltur. Turen startar frå den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet, ca. 1 time køyring frå Myrkdalen. Ved den tilrettelagde parkeringsplassen går ein god og tydeleg sti opp til utsiktspunktet på 1363 moh.

Etter ca. 2,5 km og 500 høgdemeter kjem du fram til utsiktspunktet. Her får du panoramautsikt over Aurlandsfjorden som strekk seg sørover mot Flåm og nordover mot spisse Kamben som markerer staden der Aurlandsfjorden møter Nærøyfjorden.

"Her kan du ta med born i alle aldrar og gå så langt borna har motivasjon, for utsikta over Aurlandsfjorden er fenomenal allereie etter nokre hundre meter."


Ei jente balanserer på en stein med panorama over Aurlandsdalen på vei opp til Prest.
© Sverre Hjørnevik
Et turfølge med hund har storslått utsikt over Aurlandsfjorden fra turstien.
Turen til Prest startar frå den nasjonale turistvegen over Aurlandsfjellet – © Sverre Hjørnevik

Relaterte artiklar

Sjå alle artiklar