Hopp til innhold
Torsdag 17. - Fredag 18. oktober

Næringskonferansen i Flåm: Kunstig intelligens og Morgondagens leiing

Velkomen til den tredje Næringskonferansen i Flåm. Vi vidarefører lunsj-til-lunsj konseptet på Fretheim Hotel og byr på eit variert program med spanande føredragshaldarar.

Bestill nå! Fra kr 3490,-

Lunsj-til-lunsj konferanse for næringslivet

Næringskonferansen i Flåm blir arrangert på Fretheim Hotel i regi av Norway’s best. Målet med konferansen er å skapa ein årleg samlingsstad om utvikling, samarbeid, kunnskapsformidling, innovasjon og omstilling for norsk næringsliv.

Årets to hovudtema er Kunstig intelligens og Morgondagens leiing. Konferansen startar med ein mangfaldig lunsj torsdag og endar med utdeling av lunsjpakker fredag.

Finn Tokvam er konferansier og leier oss gjennom dei to dagane med spanande program. Det vert også kåring av årets bedrift m.m. frå Sogn Avis og høve til eit besøk i FjordSauna etter det faglege programmet torsdag. Før middag vert det underhaldning i kjent Finn Tokvam-stil.

Velkomen til to dagar med inspirasjon, fagleg påfyll og gode møter – midt i hjarta av Vestland fylke!

Bestill no

Beste tid å reise

Jan
Feb
Mar
Apr
Mai
Jun
Jul
Aug
Sep
Okt
Nov
Des

Næringskonferansen i Flåm

17. - 18. oktober på Fretheim Hotel

Inneheld:
- Alle føredrag begge dagane
- Lunsj på torsdag
- Sauna torsdag ettermiddag
- Middag torsdag, inkludert drikkepakke tilpassa menyen med eller utan alkohol.
- Utdeling av lunsjpakke fredag.

Fullstendig program kjem. 

Bestill hotellrom på Fretheim Hotel med rabattert pris. Bruk kampanjekode: Næringskonferansen2024

Reserver hotellrom

Servering
Overnatting
Arrangement
Fra kr 3490,-
Eirik Norman Hansen startar Næringskonferansen 2024

Dag 1: Kunstig intelligens

Eirik Norman Hansen er først ute på temaet Kunstig Intelligens. Han utfordrar oss til å «sjå forbi det umiddelbare» og kva KI, robotisering og automatisering vil koma til å bety for oss menneske, for våre organisasjonar og for samfunnet vårt.

Eirik har lang erfaring som rådgjevar innan forretningsutvikling, digital strategi, kommunikasjon og sosiale media. Han er ein mykje brukt foredragsholdar og konferansier når tema rundt betydninga av det digitale står på dagsorden.

I tillegg vil ulike føredragshaldarar gje oss eit meir praktisk innblikk i korleis Kunstig Intelligens kan brukast på ulike område i næringslivet.

Stig Erik Brekke frå Eika avsluttar dag 1 med eit makroperspektiv på finans og økonomisk utvikling.

Tim Browne byggjer bru mellom teknologi og det relasjonelle

Dag 2: Framtidas leiing

Briten Tim Browne startar dag 2 med føredraget «As we become more reliant on technology are we forgetting the art of communication?”, der han byggjer bru mellom teknologi og det relasjonelle.

Browne har store kundar som Porsche, Diesel, Eurostar, Merlin Entertainments, Iconic Hotels og Chelsea Football Club i portefølja si.

Utover føremiddagen vil vi også få høyre PwC, ved Kjetil Myrland og Silje Guddal, snakka om leiing anno 2024 under tittelen «Har vi det bra så gjør vi det bra».

Mat og underhaldning

Torsdag vert det mogleg å nytte seg av Fjordsauna mellom programmet og middag. Middagen startar med ein felles aperitiff før maten vert servert i Fretheimsalen. Drikkepakke med eller utan alkohol tilpassa menyen er inkludert i konferansepakka.

Før middag vert det underhaldning av Finn Tokvam. 

Bestill rom på Fretheim Hotel

Her kan du reservere overnatting på Fretheim Hotel. Bruk kampanjekode: Næringskonferansen2024 

Bestill her

 

Silje Guddal kjem saman med PwC-kollega Kjetil Myrland.
Finn Tokvam losar oss gjennom dagane

Program torsdag 17. oktober

  • Eirik Norman Hansen: Utfordrar oss til «Å sjå forbi det umiddelbare». Kva vil kunstig intelligens bety for oss menneske, våre organisasjonar og samfunnet vårt?
  • Mads Christensen (Frivind): «Eit operasjonelt innblikk på korleis ulike bransjar nyttar KI for å forbetre dagleg drift, berekraft og økonomi»
  • Malin Waage (Vestlandsforsking): «Kunstig intelligens i avlings- og planteproduksjonen i landbruket» - kva kan KI bety for optimalisering og berekraft i landbruket?

Forts. program torsdag

  • Anna Maria Urbaniak-Brekke (Vestlandsforsking): «Berekraftig omstilling av Kongevegen over Filefjell - med teknologi som respons på sesongvariasjoner i reiselivet»
  • Stig Erik Brekke (Eika): «Oppdatering på den norske økonomien» - korleis står det til med økonomien etter rentesjokket?
  • Moglegheit til Fjord Sauna i Flåm
  • Aperitiff og underhaldning av Finn Tokvam
  • Middag

Program fredag 18. oktober

  • Tim Browne: «Are we forgetting the art of communication?»
  • Silje Guddal og Kjetil Myrland (PwC): «Har vi det bra så gjer vi det bra» – eit bodskap om fokus i leiing i 2024.
  • Andrea Opseth (Opseth Invest): «Folka – den viktigaste ressursen» - uavhengig av om du er ung eller erfaren leiar, så handlar det om folka du har med deg.

Forts. program fredag

  • Sogn Avis presenterer vinnaren av Årets bedrift m.fl. 
  • Avslutning ved Per Brochmann, konsernleiar i Norway's Best Group AS
  • Utdeling av lunsjpakker og heimreise