Beste tid å reise
Nynorske Litteraturdagar
18. - 19. oktober på Fretheim Hotel
Bestill billettar og festivalpass:
Reserver overnatting:
Helga 18. - 19. oktober opnar tradisjonsrike Fretheim Hotel dørene på nytt for litteraturfestivalen - Nynorske Litteraturdagar. Gjer deg klar for mørke haustkveldar med god stemning, særeigne omgjevnadar, litteratur og musikk.
I oktober har du moglegheita til å delta på ein intim litteraturfestival, fullspekka med kjende og ukjende aktørar innan musikk og litteratur.
Som ein del av De Historiske er Fretheim Hotel det perfekte vertskap for Nynorske Litteraturdagar. Hotellet i Flåm kan nesten reknast som ein institusjon, med sine 122 rom, eit topp moderne konferansesenter og den heilt utsøkte Restaurant Arven.
Få eit unikt innblikk i Nynorsk litteratur, språk, kunst og musikk. Det vert besøk av Edvard Hoem, Dordi Strøm, Marta Norheim og Birger Berge alias Strikke-Birger samt quiz med Geir Bjarte Hjetland. På laurdag 19. oktober står det klar for konsert med Tønes (duo) og den sju mann store gruppa Ljodahått.
Nynorske Litteraturdagar
18. - 19. oktober på Fretheim Hotel
Bestill billettar og festivalpass:
Reserver overnatting:
Dordi Strøm, vinnaren av Romanprisen 2023, kjem til Nynorske Litteraturdagar for å ta eit djupdykk i boka hennar «Odel». Det er andre boka til forfattaren som òg er scenograf og kostymedesignar.
Visesongaren, gitaristen, komponisten og tekstforfattaren Tønes tek med seg Erlend Aasland og møter hausten med heilt nye publikumsperspektiv. Dei to omfamnar haustmånadane med ein lun og akkurat passe kritisk konsert.
Alle i publikum kan og få høve til å sende inn spørsmål dei treng synspunkt og innfallsvinklar på i forkant av konserten.