Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Inspirasjon

Vinterferie i Myrkdalen

Vinterferie i Myrkdalen

Vinterferie i Myrkdalen

2 min lesetid

Reading progress

Vinterferie i Myrkdalen betyr minnerike opplevingar saman med familie og vener. Her kjem de til eit familievenleg skisenter med eit mangfald av kontrastfylte aktivitetar, perfekt for ein aktiv skiferie.

Vinterferieprogram

Myrkdalen skil seg ut historisk sett for sine høge snømålingar, og vart nyleg kåra til ein av verdas ti beste* stader for pudderkøyring.

Resortkjensla kjem straks i dét de parkerer bilen og sjekkar inn på hotellet. Snart vil de oppdaga at her er meir enn «berre eit skisenter».

Hotellpakke - Vinterferie

Pakka inneheld:

- Overnatting på Myrkdalen Hotel

- Frukost og 3-rettar middagsmeny

- Heiskort

Gjeld opphald mellom 18. februar og 2. mars 2024.

Bestill vinterferie

Skisenteret ligg unikt til mellom fjell og fjord i vakker vestlandsnatur, ein halvtime frå Voss og to små timar frå Bergen.

Skiferie i Myrkdalen betyr komplett tilbod og mange valmoglegheiter.

  • Overnatting - hotell, hytter og leilegheiter
  • 9 skiheisar, 23 løyper og parkar
  • Aktivitetar, både med og utan ski
  • Skiskule og Skiutleige
  • Restaurantar, kaféar og barar
  • Sportsbutikkar
  • Treningssenter

Eit skisenter med løyper som innfrir alle krav

På Myrkdalen Hotel vaknar du opp, frisk og utkvilt, med utsikt til breie, fine skiløyper som ventar på dykk. Med ski inn – ski ut tilkomst er det berre å gå rett ut i vintereventyret etter ein god frukost.

Barnevenleg skiferie

Barneområdet med sine mange aktivitetar, er like ved. Her finn de eit saktegåande rulleband for dei aller minste, to tallerkentrekk og tre varierte løyper. Nytt denne vinteren er fleire morosame skogsløyper med fine svingar og ein minipark med boksar og hopp for litt større born. Og kanskje får dei auge på noko uventa medan dei skrir nedover mellom trea? ?

High five med haren Finn
High five med haren Finn

Gratis barneskirenn med premie

Kvar helg denne vinteren og kvar dag i vinterferien og påskeferien kan born i alle aldrar vera med på Finns barneskirenn. Rennet er gratis og premieutdeling høyrer sjølvsagt til.

Lurar du på kven Finn er?

Morosam skikøyring i 23 varierte løyper, bakkar og parkar

Du vil oppdaga at løypene i Myrkdalen er varierte. Frå bratte bakkar, offpiste-pudder og skicross-løyper til breie, velpreparerte løyper for dei som ynskjer å setja dei perfekte carvingsvingane. Vil du friska opp skiferdigheitene eller bli endå betre på ski? Sjå kva Myrkdalen Aktiv har å tilby på skiskulefronten

Vestlandets største parkområde

Er det nokon freestyle-frelste i gjengen din? Myrkdalen har i dei siste åra blitt kjend for å ha flotte parkar som er utvikla saman med ShapeCrew, og denne vinteren har me heile 4 ulike parkar å tilby.

Mat og drikke i bakken

Når svolten meld seg har du heile 9 ulike serveringsstader å velja mellom, alle med ulike konsept. Steinomnsbakt pizza i Tunet er eit must. Skikøyrar-sandwich i Myrkdalsstovo Velkomstsenter er populær blant folk i farta, og den beste kaffien får du i Kamben Kafé og Bar.

Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster.

Bergens Tidende 7. april 2022

Aktivitetar utan ski

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel

Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Frå / per person

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Meir å gjera

Relaterte artiklar

Sjå alle artiklar