Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Lunsj
Heile året
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.
Bestill nå
Er dykk ei større gruppe (over 5 personar), send førespurnad på: restaurant@myrkdalenhotel.no
Om Afternoon Tea
Her vert det klirring i gammalt porselen medan du drøymer deg vekk frå kvardagen og nyt litt luksus!
Me har adoptert den britiske tradisjonen afternoon tea, som opphavleg stammar frå 1800-talet, til Myrkdalen. Dei dyktige kokkane våre diskar opp med heimelaga scones, sandwichar, nydelege søtsaker og masse te.
Vil unne deg noko ekstra står det sjølvsagt bobler på kjøl.
Antrekket bestemmer du sjølv. Gå i fritidsklede eller pynt deg til fest.
Opningstider
Open på førespurnad
Meny
Te, heimalaga scones, sandwichar og kaker.