Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Aktivitetar i Myrkdalen

Langrenn

Vår, vinter
Lett

Kvitkledde vidder, glitrande snø og mektige fjell. I Myrkdalen er det kupert terreng som skapt for langrenn. Årmotslia ligg rett over vegen for skisenteret, med preparerte langrennsløyper for både klassisk og skøyting.

Om Langrenn

Det er lysløype og til saman om lag 30 km med langrennsløyper direkte frå fjellandsbyen i Årmotslia Skisenter. Løypene vert trakka for både skøyting og klassisk, men er også fine for dei som ynskjer å gå på fjellski.

På kveldstid er heile løypa opplyst, men det kan vera lurt å ha ei hovudlykt i bakhand.

Aldri stått på langrenn før? Eller lyst å finpussa på teknikken? Bestill undervisning hjå skiskulen

Har du ikkje langrennsski kan du leiga hjå Sport 1 Myrkdalen


Kart over løypenettverket i Årmotslia

Dei ulike fargekodane på løypekartet viser til når det sist vart trakka:

Lysegrønt: Mindre enn 3 timar sidan
Mørkegrønt: I dag, meir enn 6 timar sidan
Blå: I går
Lilla: To dagar sidan
Oransje: 3-15 dagar sidan
Raud: 15 - 30 dagar sidan
Svart: Meir enn 30 dagar sidan


Godt å vite

Sesong

Vår, vinter

Vanskelegheitsgrad

Lett

Møtepunkt

Årmotslia

Kontakt

Møtepunkt

© Sverre F. Hjørnevik