Hopp til innhaldet

Myrkdalen

Oppdag Myrkdalen

Velkomen til familievenlege Myrkdalen Fjellandsby

Myrkdalen er staden for deg som søkjer etter aktivitetar for heile familien. Vintertid er det skiglede som står i fokus - som pudderparadis i Vestlandet med varierte bakkar, løyper og parkar for alle. Myrkdalen i sommardrakt byr på leik og gode sanseopplevingar midt i kontrastfylte fjell- og fjordlandskap.

Kjøp heiskort

Pakketilbod

Påskeferie i Myrkdalen

Kvikklunsj, appelsin, slush-føre og sol i fjellet – påska er magisk i Myrkdalen!

Les meir

Populære aktivitetar

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Finns snøklubb

Kvar laurdag frå 21. desember - 29. mars kan borna bli med på leik og moro i Badnabakken i Finns snøklubb.

From / pr person

Frå fjell til fjord

Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ein UNESCO-vernet perla, eller ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Trugetur i Myrkdalen

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.

Topptur med guide

Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!

Frå / per gruppe

Fly vindtunnel på Voss

Har du nokon gong drøymt om å kunna fly? Hos Vossvind går draumen i oppfylling! Opplev den utrulege kjensla av vektløyse og fritt fall.

Toppturkurs

Helga 28. - 30. mars inviterer Breogfjell til toppturkurs i Myrkdalen. Lær om utstyr, turplanlegging og skredsikkerheit med erfarne instruktørar.

Myrkdalen Hotel

Moderne Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm. Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spanande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.


Arrangement i Myrkdalen

Sjå alle arrangement

Påske-standup

Dato:
Stad:
Fretheim Hotel og Myrkdalen Hotel

Ski boogie og 80-talsfest

Dato:

Open Klasse

Dato:

Fjellatter

Dato:
Stad:
Myrkdalen Hotel

Bestill skiundervisning her

Privatundervisning - Alpin

Privatundervisning - Alpin

Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på ski eller om du allereie er god på ski, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.

Frå
Kjøp
Privatundervisning - Snowboard

Privatundervisning - Snowboard

Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på snowboard eller om du allereie er god på snowboard, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.

Frå / per person
Kjøp
100 min Privatundervisning Langrenn

100 min Privatundervisning Langrenn

Ynskjer du å læra deg grunnleggande langrennsteknikk?

Frå
Kjøp
Gruppeundervisning 100 min Voksen

Gruppeundervisning 100 min Voksen

Me legg vekt på at det skal vere moro på ski, enten du er ung eller gammal, nybyrjar eller vidarekommen. Bestill gruppeundervisning for ein sosial og morosam måte å utvikle deg på ski. Me deler deltakarane i grupper basert på nivå.

Kjøp
Gruppeundervisning 100 min Barn

Gruppeundervisning 100 min Barn

Me legg vekt på at det skal vere moro på ski, enten du er ung eller gammal, nybyrjar eller vidarekommen. Bestill gruppeundervisning for ein sosial og morosam måte å utvikle deg på ski. Me deler deltakarane i grupper basert på nivå.

Kjøp

Populære overnattingar

Myrkdalen Hotel

Moderne Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm. Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spanande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.

Hytter i Myrkdalen

Skal du ha med venegjengen eller storfamilien til Myrkdalen Fjellandsby? Eller berre ynskjer god plass og sjølvhushaldning på skiferien? Leig ei av dei romslege hyttene i Myrkdalen.

Leilegheiter i Myrkdalen

Er de fleire som ynskjer å bu saman eller vil ha større plass med moglegheit til å laga mat sjølv, er ferieleilegheitene med sjølvbetening i Myrkdalen Fjellandsby eit godt tips. Det er gangavstand til skiheisane om vinteren og sykkel- og turområde om sommaren. Restaurantar, kaféar og barar er også i nærleiken.

Fritidseigedom i Myrkdalen

Me har nøkkelferdige hytter, leilegheiter og tomter til sals. Dei fleste med ski-inn ski-ut og nærleik til heilårsaktivitetar.

Les meir
© Chris Baldry

Ikkje gå glipp av moroa!

Enten du er hytteeigar, gjest, skientusiast eller berre ynskjer å vera blant dei fyrste som får vite om aktivitetane, er dette nyheitsbrevet for deg.

Ofte stilte spørsmål

Har du spørsmål? Me har svar!