Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Arrangement

Trials World Cup i Myrkdalen 2024

5. juli 2024 - 7. juli 2024
Myrkdalen

Velkomen til 2024 UCI Trials World Cup i Myrkdalen, 5. – 7. juli. På denne sida finn du program og all informasjon du treng anten du er tilskodar eller utøvar.

Program

Fredag 05.07.2024:

  • 10.00-14.30: ¼ finale – Elite Menn 20"
  • 15.00-19.30: ¼ finale – Elite Menn 26"

Laurdag 06.07.2024:

  • 12.00-14.00: ½ finale – Kvinner Elite
  • 15.00-17.00: ½ finale – Elite Menn 20"
  • 17.00-19.00: ½ finale – Elite Menn 26"

Sundag 07.07.2024:

  • 12.00-13.15: UCI World Cup finale – Kvinner Elite
  • 13.30-14.45: UCI World Cup final – Menn Elite 20"
  • 15.00-16.15: UCI World Cup Final – Menn Elite 26"
  • Prisutdeling

Er du utøvar og treng overnatting? Kontakt post@myrkdalenhotel.no.

Lokasjon

Myrkdalen

Teamområde:

Teamtelt kan leigast for EUR 100 for heile helga, inkludert stolar og bord. Betaling med kort på staden.

Transport:

Frå Voss Stasjon

Myrkdalen er glade for å annonsere at vi vil tilby gratis skyttel frå Voss Togstasjon til Myrkdalen. Då kan du reise med offentleg transport frå Bergen Lufthavn Flesland og heilt fram til arenaen. Hentetider kjem seinare. Send ein e-post til post@myrkdalenhotel.no for å stå på interesselista.

Frå Bergen Lufthavn Flesland

Om du vil bli henta på flyplassen, er det ein fastpris på NOK 995,- per person per veg, om det er av interesse. Hentetider kjem seinare. Send ein e-post til post@myrkdalenhotel.no for å stå på interesselista.

PS: Den gratis skyttelbussen er berre tilgjengeleg for buande på Myrkdalen Hotel.

Avstandar:

Med tog

Frå Bergen Lufthavn Flesland til Voss stasjon: 2 timar 8 minutt

Frå Bergen sentralstasjon til Voss stasjon: 1 time 14 minutt

Frå Oslo Lufthavn Gardermoen til Voss stasjon: 6 timar 18 minutt

Frå Oslo sentralstasjon til Voss stasjon: 5 timar 38 minutt

Med buss

Frå Voss stasjon til Myrkdalen (Buss 970): 37 min

Frå Bergen Lufthavn Flesland til Myrkdalen (Buss FB50, Tog R40, Buss 970): 2 timar 34 minutt

Fasilitetar:

Her er nokre viktige opplysningar om fasilitetane som er tilgjengelege i Myrkdalen:

  • Hotellet ligg midt i arenaen, med fleire restaurantar og pubar.
  • Fantastisk natur med fjell og dalar, moglegheit for turar og MTB-turar.
  • Treningssenter nokre minuttar gange frå hotellet (ope 06.00-23.00)
  • Hotellresepsjon med ein liten nærbutikk
  • Sykkelutleige
  • Sportsbutikk
  • Nattklubb (for søndagsfesten)

Det lokale treningssenteret, MOVA Myrkdalen, tilbyr gratis tilgang til alle deltakarar under verdscuphelga. Ope frå torsdag 4. juli til søndag 7. juli, 06.00-21.00. Ta kontakt med Eirik Ulltang eller andre tilsette frå den lokale arrangøren for å få tilgang.