Bubilparkering
Visste du at hjå oss kan du stå gratis med bubil og campingvogn i sommar?
Myrkdalen Fjellandsby er den perfekte basen for familieferien - her kan du kombinera spanande fjell- og fjordopplevingar under opphaldet.
Registrering
Registrer deg i resepsjonen på Myrkdalen Hotel ved ankomst og stå gratis parkert hjå oss så mange netter de ynskjer. Merk at me ikkje har straum, sanitæranlegg eller tømestasjon for toalett.
Kjekke sommaraktivitetar for bubilferien i Myrkdalen
I Myrkdalen kan de la bilen stå i fleire dagar medan de utforskar nærområdet.- sus rundt i sykkelløypene og i pumptracken vår, nyt fjorden frå ein kajakk eller bli med på familievenleg fisketur i høgfjellsterrenget på Vikafjellet.
Stolheisen rett ved Myrkdalen Hotel er ope i sommarmånadane juli og august. I løpet av fem minutt blir du frakta til 850 moh og herfrå er alternativene mange. For små barneføter finn du ein kjekk natursti på stien tilbake til hotellet. Ynskjer du å gå vidare til ein fjelltopp anbefalar me Finnbunuten 1358 moh, som byr på fantasisk utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna. Eit anna alternativ er å gå til idylliske Mørkvesstølen, langsmed stien er det mogleg å bada i små kulper i elva.
Nyt god mat og drikke på Myrkdalen Hotel
Avslutt ein lang og innhaldsrik dag med god mat og drikke i Restaurant Tunet. Her finn du både a là carte og steinovnsbakt pizza basert på rein mat av lokale og økologiske råvarer.