Konferansepakker
Skal du arrangera firmatur, kurs eller konferanse? På moderne Myrkdalen Hotel er alt samla på ein stad, med kurs- og konferansepakke som kan skreddarsyast og tilpassast gjengen din.
Vinterstid kan de kombinera konferanseopphaldet med herleg skikøyring i Vestlands mest komplette skisenter. I sommarhalvåret kan de kopla fagleg påfyll med morosame og minnerike aktivitetar der de kjem tett på naturen.
Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod
Teambuilding
For den optimale opplevinga har me også ei rekkje aktivitetar som passar for alle, både sommar og vinter.
- Aktivitetar sommar
- Aktivitetar vinter
Moderne og fleksible møtefasilitetar
Hotellet har moderne og fleksible møtefasilitetar med kapasitet på opptil 190 konferansegjester. Her kan du få skreddarsydd inspirerande kurs- og konferanseopphald med vakker vestlandsnatur som bakteppe. Alt er samla på ein stad, og med skibakken rett utanfor døra, kan du lett kombinera fagleg innhald og leiken skikøyring.
Vel konferansepakka som passar dykk:
1 dags konferansepakke
Ankomst før lunsj og avreise etter frukost
- Møterom: 1 dag
- Måltid: Frukost, lunsj og 3-rettar middag
- Kaffi/te i Salto Lobbybar
- Pausemat: Fersk frukt
Frå kr 2095,- per person i standard dobbeltrom
Aktiv konferansepakke
Ankomst før lunsj og avreise etter lunsj
- Møterom 2 dagar
- Måltid: Lunsj ankomstdag, 3-rettar middag, frukost og lunsj avreisedag
- Kaffi/te i Salto Lobbybar
- Pausemat: Dagens kake ettermiddag dag 1 og fersk frukt formiddag dag 2
- Teambuilding på ca. 1 1/2 time
- Servering av heimelaga granolabar for påfyll av energi før teambuilding
Frå kr 3265,- per person i standard dobbeltrom
Vinterkonferanse
Periode 1. januar - 27. april midtveke
Ankomst før lunsj og avreise etter lunsj
Ankomst før lunsj og avreise etter frukost
- Møterom: 1 dag
- Måltid: Frukost, lunsj og 3-rettar middag
- Kaffi/te i Salto Lobbybar
- Pausemat: Fersk frukt
- Skikort 1 valfri dag under opphaldet
Frå kr 2395,- per person i standard dobbeltrom
Me skreddarsyr konferansen - akkurat slik de ynskjer det
Grøn konferanse - Er bedrifta di miljøsertifisert?
Er du ei miljøsertifisert bedrift? No kan du arrangera grøn konferanse hjå oss. Her vert det fokus på økologisk mat, sjømat i samsvar med WWF Verdens naturfond sin guide og mindre bruk av raudt kjøt. Konferansen rettar seg etter krava og retningslinjene som Miljøfyrtårnet har sett.
Dagpakkar for deg som ynskjer konferanse utan overnatting
Få eit avbrekk i kvardagen og flytt dagsmøtet til fjells. Me er fleksible – kva med å bruka det kjærkomne dagslyset til herlege naturopplevingar og forskyva møtet til ettermiddagen?
Halvdagsmøte
- Møterom med standard teknisk utstyr frå kl. 08.00 - 17.00
- Kaffi/te i Salto Lobbybar
- 2 rettar lunsj
Frå kr 645,- per person
Heildagsmøte
- Møterom med stadard tekinsk utstyr frå kl 08.00 – 17.00
- Kaffi/te i Salto Lobbybar
- 2 rettar lunsj
- Frukt i møterom ved møtestart og servering av dagens kake ettermiddag
Frå kr 745,- per person