Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Informasjon

Myrkdalen Aktiv

Enten du reiser til fjells for ein pust i bakken eller ønskjer å sovna med beina høgt etter fullspekka program, har me noko for deg. Vår dedikerte aktivitetsavdeling jobbar for at fjellopplevingane dine blir uforgløymelege. Inne som ute, gammal som ung - ingen er gløymde!

Velkommen til ei verd av opplevingar!

Me vil at det skal vera aktivitet i dalen året rundt. Derfor sørgjer me for at tilbod som stolpejakt, natursti, frisbeegolf og aktivitetsrom alltid er tilgjengeleg.

For barnefamiliar tilbyr me eit variert utval av aktivitetar som engasjerer og underheld dei minste. Kva med ein spennande familiequiz eller ei spenstig hinderløype? Kanskje kan det smaka med ein trugetur til lavvoen, etterfølgt av eventyrlesnad og pinnebrød?

Treng du ein pause frå kvardagen, tilbyr me ein rekkje arrangement i helgane; blant anna Fjellatter, strikkehelg, juleverksted og yogahelg. Meld deg på nyheitsbrevet vårt for å få med deg alt som skjer!

Myrkdalen er den perfekte staden for fagleg påfyll kombinert med forfriskande naturopplevingar. Våre teambuilding-aktiviteter er tilgjengeleg året rundt og utfordrar deltakarne på ein morosam og engasjerande måte. I tillegg har me moderne fasilitetar for kurs og konferansar. Uansett om dere er en liten gruppe eller en stor bedrift, sørgjer me for at alt ligg til rette for eit vellykka opphald.

Skiskulen vår legg vekt på at det skal vera moro på ski, enten du er ung eller gammal, nybyrjar eller vidarekommen, sprek eller ikkje fullt så sprek. Skiinstruktørane våre er utdanna gjennom Den Norske Skiskole (DNS) og tilbyr både privatundervisning og gruppeundervisning, enten det er alpint, snowboard eller langrenn du vil briljera på! Ønskjer du fart og spenning kan kanskje våre guida aketurar vera noko for deg!

I tillegg har me dyktige tur- og sykkelguidar som gjerne tek deg med ut på tur! Dei er utdanna og kursa gjennom Norske guidar og instruktørar (NIG) og har mange spennande utflukter på lur.