Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Informasjon

Myrkdalen Fjellandsby er eit Miljøfyrtarn

Drift av skiheis og hyttebygging er ikkje noko som kan reknast som miljøtiltak i seg sjølv, og massiv utbygging har påverka Myrkdalen på fleire område dei siste ti åra. Men me vil gjera utviklinga så berekraftig som mogleg og er overtydd om at ein kan tenkja stort og samstundes ta miljøansvar.

Avfallshandtering

Myrkdalen Hotel har sett fokus på avfall og sortering. Avfallsmengda har gått ned etter 2017, og sorteringsgraden har dei siste åra lagt i overkant av 70%.

Myrkdalen Hotel, Myrkdalen Fjellheiser og konsernselskapet er miljøsertifisert.


Teknisk anlegg

Myrkdalen Hotel er kopla til eit fjernvarmeanlegg som brukar lokalprodusert treflis. Dette anlegget dekkjer 50 % av det totale energiforbruket.

El-bil og ladestasjonar

Som eit ekstra miljøtiltak har Myrkdalen Hotel 2 el-bilar som reinhaldsavdelinga nyttar mellom hyttene og leiligheitene. Hotellet har òg installert seks ladepunkt for el-bilar og to av desse er Tesla-ladarar.

Systematisk oppfølgjing av energiforbruk

Nattevaktene på Myrkdalen Hotel har endra på rutinane og tek sjekkrundar etter stengetid med fokus på å få ned det totale energiforbruket. Her inngår til dømes å sløkkja lys og ta av varme på rom som ikkje er i bruk, samt slå av utstyr som ikkje er i drift. Ved å ha eit slikt fokus sparar hotellet ca 14 000 kwh i året.

Myrkdalen Hotel er kopla til eit fjernvarmeanlegg som brukar lokalprodusert treflis. Dette anlegget dekkjer 50 % av det totale energiforbruket.


Varmeanlegg

I sertifiseringsprosessen av hotellet vart det oppdaga at varmeanlegget ikkje var regulert riktig. Då driftskontrollanlegget vart finjustert , sparte hotellet 500 000 kwh i året.

Myrkdalen Fjellheiser

Hjå Myrkdalen Fjellheiser har ein lagt bedre til rette for at skigjester kan kaste avfall og pant i behaldarar i heile skianlegget. Det er mange påminningar om dette på stolheisryggar, på sikkerheitsbøyler i heisane og andre stader i anlegget.