Utleige på åremål
Myrkdalen Hotel opnar no opp for å vidareformidla åremålsleige for hytte- og leilegheitseigarane i Myrkdalen Fjellandsby. No kan du som eigar av fritidsbustad i Myrkdalen melda inn eininga di for åremålsleige, og så set me interessentar i kontakt med dykk.
![](https://cdn.sanity.io/images/ycnqsi1u/production/56d3b5e418918496717dd71ab9d6e33e9c1d9fd4-7316x4880.jpg?w=3840&q=75&fit=clip&auto=format)
Når du tek kontakt med Myrkdalen Hotel for åremål, vil du motta ein mal som må fyllast ut for eininga di. Dette skjemaet vil gå saman i ein portefølje, som blir tilsendt interessentar. Vidare er det opp til kvar interessent å ta vidare kontakt med deg som eigar. Myrkdalen Hotel har ingen ansvar for utleigeforholdet og er kun ein formidlar mellom partane (eigar og leigetakar).
Kontakt
Send e-post til kundeservice@myrkdalenhotel.no dersom du ynskjer melda inn eininga di til åremålsleige.
Administrasjonsgebyr
For å ta del i åremålsporteføljen, kjem eit administrasjonsgebyr på kr. 1000,
Myrkdalen Hotel stiller ingen garantiar for utleige via åremål, men vil marknadsføre dette på myrkdalen.no og i sosiale media. Dersom eininga di ikkje får utleige via åremål, er du sjølvsagt velkomen til å leiga ut via Myrkdalen Hotel.