Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Inspirasjon

5 tips for trygg frikøyring i laussno

En frikjører skimtes så vidt i snøen idet han kjører ned bakken gjennom løssnø.

5 tips for trygg frikøyring i laussno

2 min lesetid

Reading progress

Gleda er stor når vêrmeldinga varslar store snømengder. Det betyr herleg laussnø og flotte forhold i skianlegget, men også at du må vurdera farane knytt til skikøyring om du beveger deg utanfor løypene.

For ein ivrig topptur- og frikøyringsentusiast er det total lykke å få leika seg nedover fjellsidene i urørt pudder. Samtidig er det viktig å vera bevisst på tryggleiken.

I oppmerka og preparerte løyper er du trygg, men beveger du deg utanfor, er det på eige ansvar og du bør ta ekstra omsyn. Det kan vera farar knytt til store snømengder, her får du difor nokre gode råd for trygg frikøyring i laussnøen.

Bli med på:

Toppturkurs 12. januar

Skredkurs 27. januar

1. Unngå skikøyring i terreng som er brattare enn 30 grader og området nedanfor. Her kan det gå naturleg utløyste snøskred, men du som skiløpar kan òg trigga skred. Hugs at det er mykje flott skikøyring i terreng som er slakare enn 30 grader!

Tips: Last ned appen Varsom Regobs der du kan sjå bratthetskart for området du er i.

Det er mykje flott skikøyring i terreng som er slakare 30 grader!

2. Les dagens snøskredvarsel på varsom.no. Her finn du også «Snøskredskolen» med gode tips om trygg ferdsel.

3. Skri med ein kompis som kan hjelpa deg om det oppstår uhell. Fleire har opplevd å stå fast i snøen. Eit fall i laussnøen, spesielt nedi bekkedalar og vindhol der det samlar seg mykje snø, kan vera vanskeleg å koma seg ut frå åleine. Skri difor aldri åleine utanfor preparerte løyper.

4. Ha med skredutstyr og vit korleis det skal brukast, men ikkje la dette erstatta trygge val i fjellet. Skredsøkar, søkestong og spade er det du må ha for å kunna lokalisera og grava ut kompisen din om ulykka er ute.

I skredsøkarbana ved toppen av Myrkdalsekspressen kan du øva deg på å bruka utstyret.

Ynskjer du å læra meir kan du bli med på skredkurs der du mellom anna lærer om snøskredfare, køyremønster og linjeval, hengvurdering og kameratredning.

5. Ver obs på høge brøytekantar. Når du nærmar deg hytter, vegar og annan infrastruktur i Myrkdalen, bør du vera obs på høge brøytekantar. Med 1,5 meter snø kan brøytekantar gjerne bli dobbel så høge, og farlege å skli utfor. I tillegg kan det vera køyrande bilar og traktorar som driv med brøyting og snørydding langs vegen.

P.S. Også born er glade i store snømengder. Hugs difor å minna dei på farane knytt til dette. Pass på at dei ikkje lagar snøholer langs brøytekantar eller leikar i område der fresing og brøyting finn stad.

Viktigast av alt: Hugs å ha det kjekt på ski!

Ski i Myrkdalen

Relaterte artiklar

Sjå alle artiklar