Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Informasjon

Møterom med fleksible løysingar

På Myrkdalen Hotel kan me tilby ein stor sal eller to mellomstore og tre mindre møterom i fyrste etasje. I tillegg kan me leggja til rette for møter i ein av suitene våre.

Inntil 190 konferansegjester

Den største salen "Storebotn" er 180 kvm og rommar 170 personar i kino- og 110 personar i klasserom-oppsett. Salen kan også delast inn i to mindre einingar.

Tre møterom for små eller mellomstore grupper

Me har tre mindre møterom til disposisjon. Her varierer oppsettet frå styrebord, u-bord, klasserom eller kino, og høver for små eller mellomstore grupper opp til ca. 25 personar. Me er sjølvsagt fleksible og finn ei løysing som passar for ditt møte eller kurs.

Både salar og møterom har takmonterte prosjektørar og integrerte løysingar for lyd og lys. I tillegg inneheld dei teleslynge, og videokonferanseutstyr. Det er gratis trådlaust nettverk på heile hotellet.