Myrkdalen Løypelag
Det snør ikkje skispor - Myrkdalen Løypelag set pris på di verdifulle støtte
Hausten 2017 vart det skipa løypelag i Myrkdalen, som skal arbeida med å:
Etablera, utvikla og drifta tur- og skiløyper i Myrkdalen og tilstøytande område, løfta kvaliteten på dei løypene/områda som i dag vert trakka, samt utvida og betra løypenettet.
Laget er organisert som ei foreining, og har eit ikkje-økonomisk føremål. Alle inntekter skal gå til drift eller investeringar i nye løyper, utstyr eller driftsmidlar.
Løypelaget treng hjelp for å få dette til, og håpar du kan tenkja deg å verta støttemedlem.
Medlemer i løypelaget er Myrkdalen Hytteeigarlag, sameigene i Myrkdalen Vest, sameiget Helgatunteigen I, Myrkdalen Camping, Vossestrand Hotel og Myrkdalen Fjellandsby. Idretten er med som nær samarbeidspartnar gjennom Årmotslia Skisenter, og grendalaget har også vore med undervegs i prosessen. Dei store utbyggjarane i dalen har dessutan forplikta seg til å bidra betydeleg til økonomi og drift av løypelaget.
Støttemedlemskap
Støttemedlemskap i Myrkdalen Løypelag kostar 800,- per år for heile familien, og gjeld for sesongen 2024. Bidraget går direkte til føremålet – å skapa eit endå betre langrennstilbod for alle skiglade i Myrkdalen, både fastbuande og tilreisande. Løypelaget set stor pris på ditt bidrag!
Det snør ikkje skispor - me set pris på di verdifulle støtte
Innbetaling
Innbetaling skjer lettast via Vipps - bruk nummer 504177, eller du kan betala inn direkte til konto 3633.55.46355. Merk innbetalinga med medlemsnamn.
På førehand - tusen hjarteleg takk!