Vestlandets største parkområde
Parkane i Myrkdalen byr opp til leik! Denne sesongen vil du finna 3 ulike fullskala parkar og 1 barnepark med element og hopp for alle nivå.
Me satsar stort på å utvikla parkane våre saman med ShapeCrew, og er kjend for å ha flotte parkar for ski- og snowboard-frelste på Vestlandet.
Landsbyparken
I Landsbyparken like ovanfor Myrkdalen Hotel finn du ulike seksjonar – for vidarekomne og ekspertar. Med hopp- og rail linjer på begge sider av trekket. I Landsbyparken er det også kveldskøyring onsdag, fredag og laurdag i store deler av vintersesongen.
Finne-parken
Finne-parken finn du Klaus Finne si signaturlinje - ei kreativ løype med mange snøelement. Denne parken ligg ved løype 1 på toppen av Helgatuntrekket. Passar for vidarekomne og ekspertar.
Helgatunparken
Denne parken finn du ved løype 5 og består av to flytlinjer med railelement og små hopp som passar både vidarekomande og ekspertar.
Adventure slope
Denne løypa finn du i Storhaugen, ned til Storhaugekspressen. Løypa er som ei berg-og-dal-bane på snø. Her står flyt og skiglede høgt i fokus.
Barneparken
Barneparken finn du sjølvsagt i barnebakken og består av ulike element der ungar kan utfolda seg og utvikla ferdigheitene sine. Boksar, små hopp og portar skapar ei kjekk og variert løype. Like ved finn du og eventyrskogen med masse spennande stiar og løyper gjennom skogen.
Arrangement
Gjennom heile vintersesongen har me ulike park-arrangement hjå oss.
NM i Big Air - 10. april
NM i slopestyle - 11. - 12. april
Open Klasse - Likar du park, vårsnø og god stemning bør du ikkje gå glipp av Jib League og Open Klasse - den ultimate sesongavslutninga for ski- og snowboard-frelste. I tillegg til mykje ski og brettkøyring, parkmoro med hopp og rails, er det sjølvsagt god festivalstemning med konsert og underhaldning.