Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen Skisenter

Skiskule i Myrkdalen

Skiskulen hjå Myrkdalen Aktiv er ikkje berre for dei som har lite eller inga erfaring med ski. Undervisninga vert tilpassa nivået ditt og du kan velja mellom privat- og gruppeundervisning.

Løypene er breie og oversiktelege - Det gjer Myrkdalen til den perfekte staden å læra seg å stå på ski. Me legg vekt på at det skal vera moro på ski, enten du er ung eller gamal, nybyrjar eller vidarekomen, sprek eller ikkje fullt så sprek.

Når du lærer bort noko til folk, og dei verkeleg får det til, kan du sjå gleda i dei. Den gleda speglar seg i så mykje energi. Dei har lært noko nytt. Dei har meistra det på si eiga måte. Det er breie smil, «high fives» og ein kan sjå dei er gira medan dei køyrer ned løypa.

(Kim Bagge Andersen, skiinstruktør)

Privatundervisning

Privatundervisning er noko alle kan ta, uansett alder og nivå. Enten det er fyrste gongen din på ski eller om du allereie er ganske god, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare. Undervisninga vert tilpassa akkurat dine behov.

Du kan velja mellom undervisning i 100 minutt, 3 timar eller ein heil dag. For born under 7 år tilbyr me også 50 minutt undervisning.

Les meir om vår aktivitetsavdeling, Myrkdalen Aktiv, her.

Bestill privatundervisning her

Privatundervisning - Alpin

Privatundervisning - Alpin

Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på ski eller om du allereie er god på ski, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.

Frå 1490
100 min Privatundervisning Snowboard

100 min Privatundervisning Snowboard

Vel du privatundervisning er det du som bestemmer kva du vil gjera! Enten det er fyrste gongen din på snowboard eller om du allereie er god på snowboard, kan me hjelpa deg å utvikla deg mange steg vidare.

Privatundervisning Langrenn

Privatundervisning Langrenn

Ynskjer du å læra deg grunnleggande langrennsteknikk?

Frå 1420

Gruppeundervisning

Skiinstruktørane våre er klare til å tilby gruppeundervisning til born og vaksne over 16 år. Det er minimum 4 personar per gruppe, og deltakarane i ei gruppe bør vera på same nivå for å få mest mogleg utbyte av undervisninga.

Bestill gruppeundervisning her

Gruppeundervisning 100 min Barn

Gruppeundervisning 100 min Barn

Me legg vekt på at det skal vere moro på ski, enten du er ung eller gammal, nybyrjar eller vidarekommen. Bestill gruppeundervisning for ein sosial og morosam måte å utvikle deg på ski. Me deler deltakarane i grupper basert på nivå.

Gruppeundervisning 100 min Voksen

Gruppeundervisning 100 min Voksen

Me legg vekt på at det skal vere moro på ski, enten du er ung eller gammal, nybyrjar eller vidarekommen. Bestill gruppeundervisning for ein sosial og morosam måte å utvikle deg på ski. Me deler deltakarane i grupper basert på nivå.

Myrkdalen Skiskule lærar barn å stå på ski
© Chris Baldry