Topptur med guide
Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!
Informasjon
Dette er ein perfekt aktivitet for deg som ønskjer å utforska fjella rundt Myrkdalen på ein sikker og spennande måte.
Me skreddarsyr draumeturen din
Er du på jakt etter rå skikøyring og bratte fjellsider? Vil du vita kvar du finn urørt puddersnø og spennande skogkøyring i og rundt alpinanlegget? Kanskje skal du ta med eit familiemedlem på sin fyrste topptur nokosinne. Då er det kanskje spektakulær fjordutsikt som står øvst på ønskjelista. Guidane våre er lokalkjent og tilpassar turen etter ønska dine.
Bestill topptur med guide dersom:
- Du ønskjer å bli med ein lokalkjend guide for å finna det beste snøen og terrenget i Myrkdalen
- Du vil læra meir om topptur, utstyr og korleis ein gjer sikre vegval (OBS, dette er ikkje eit toppturkurs)
- Du vil på topptur i Myrkdalen eller nærliggjande område, og ønskjer guide
Opplev rein meistringskjensle når du når toppen, og nyt gleda av å skjera svingar nedover i puddersnøen. Gjennom heile turen deler guidane sine lokale løyndommar og tips, slik at du får mest mogleg ut av dagen i fjellet.
Godt å vite
Sesong
Varigheit
Møtepunkt
Pakkeliste
Off piste guiding (i skianlegget)
- Klede etter været. Ullundertøy og varm genser
- Hals/Buff
- Vindtett yttertøy
- Skredsøkar
- Sekk med spade og søkestang
- Hjelm og skibriller
- Hansker/votter
Topptur (utanfor skianlegget)
- Ski og bindingar med gåfunksjon og feller. Evt. Splitboard og feller
- Støvlar med gåfunksjon
- Teleskopstavar
- Ekstra ullgenser til skift
- Dunjakke
- Mat og drikke
- Solbriller til turen opp
Kontakt
Møtepunkt
Oppmøte kl. 9:00 i resepsjonen på Myrkdalen Hotel om ikke annet er avtalt.
Sjekk også ut desse aktivitetane
Skredkurs
Fyll opp tursekken med kunnskapen du treng for å ferdast tryggast mogleg i skredutsette fjell. Lær deg å vurdera skredfare, ta rett vegval og få kjennskapar til kameratredning.
Toppturkurs
Helga 28. - 30. mars inviterer Breogfjell til toppturkurs i Myrkdalen. Lær om utstyr, turplanlegging og skredsikkerheit med erfarne instruktørar.
Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.
Trugetur
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.
Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.