Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Praktisk info
Saunaen har 8 drop inn plassar. Du kan velja å booka heila saunaen, slik at du, venner og familie får nyta opplevinga åleine. De kan då vera opp til 10 stk.
Fjellsaunen ligg i skibakken, ein liten spasertur (ca. fem minutt) frå Myrkdalen Hotel. Møt opp i resepsjonen på tidspunktet du har booka. Der får du nøklar, kart og informasjonen du treng.
I resepsjonen kan du også leiga handkle og kjøpa drikkevatn, dersom du ikkje har med eige.
Ta på gode sko for turen opp, og kle deg praktisk og lett, til av- og påkledning i garderoben til saunaen.
Det er ikkje dusj ved saunaen, men den er omgitt av mykje snø ein kan rulle seg rundt i.
Saunaen kan bookast kvar dag kl. 08.00, kl. 12.00, kl. 16.30 og kl. 19.00. Det er sett av 60 minutt til sauna, 10 minutt til å skifta klede før og etter og 5 minutt til å gå opp (til saman 1,5 time).
Godt å vite
Sesong
Vanskelegheitsgrad
Aldersgrense
Møtepunkt
Pakkeliste
- Drikkevatn
- Håndkle
- Gode sko
- Badetøy
Kontakt
Møtepunkt



Aktivitetar i Myrkdalen

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Trugetur i Myrkdalen
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.

Fjellatter
Fjellatter er tilbake! Hald av denne hausthelga for humorfestival i Myrkdalen!

Frå fjell til fjord
Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ein UNESCO-vernet perla, eller ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.