Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Arrangement

Nyttårsfeiring i Myrkdalen

31. desember 2024
Myrkdalen fjellandsby

Me inviterer til nyttårsfeiring i ekte Myrkdalen-stil! Nyt frisk fjelluft, utsøkt mat og bobler i glaset. Når midnatt nærmar seg, samlast me for å sjå fyrverkeri lysa opp fjella rundt oss.

Om arrangementet

Anten du kjem saman med venner og høge hælar, eller familien og barnas leikar, har me eit nyttårsopphald som passar for deg!

Restaurant Nuten

På hotellet vil det bli servert ein utsøkt 4-rettars middag, komponert for å skapa ei harmonisk smaksoppleving. Kvar rett blir servert saman med nøye utvalde vinar som framhevar og balanserer smakane. Middagen blir avslutta med ein herleg dessert.

Vinpakke eller anna drikke blir bestilt ved bordet.

Obs: Tilbodet i restaurantet Nuten er kun åpent for hotellgjester.

Myrkdalsstovo

I Myrkdalsstovo får du ein avslappa, men festleg atmosfære. Me serverer Myrkdalstapas, ein flott og fullspekka buffèt med mykje god mat. Eit bredt spekter av spennande smakar!

Vin og drikke blir bestilt utanom.

Underhaldning

Etter middag vil det bli dans og god stemning med levande musikk i Storebotn. På Pudder Afterski sørgjer DJ-en for topp stemning på dansegolvet heile kvelden.

Relevante tilbod

Nyttårsaften i Myrkdalsstovo

Nyttårsmiddag inkludert overnatting på Myrkdalen Hotel

Lokasjon

Myrkdalen fjellandsby

Juleferie i Myrkdalen

Me inviterer deg til fjells for ein magisk juleferie. Nyt lange dagar i skibakken, koselege stunder framfor peisen og familievennlege aktivitetar!

Les meir

Legg julefeiringen til Myrkdalen

Juleverkstad og julegrantenning

Kom til fjells 30. november for å markera byrjinga på adventstida. Det blir julestemning for store og små, med juleverkstad, gløgg og peparkaker! Når mørket senkar seg, blir juletreet tent.

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person