Turtips: el-sykkeltur i Myrkdalen og Vikafjellet
2 min lesetid
Myrkdalen er meir enn berre ski. Her får du 10 tips til kjekke vinteraktivitetar som passar når beina treng ein pause eller vêret ikkje er optimalt. Anten du er på ferie med vennegjengen eller familien, er vi sikre på at de finn noko som freistar.
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka lanskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.
Kvar dag gjennom skisesongen inviterer Skiskulen til aketur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen. De tar siste heis opp slik at dykk har løypa for dykk sjølv heile vegen ned att til hotellet. Undervegs vert det servert varm drikke.
Ta på vintersko, hjelm, varme klede og helst skibriller og bli med på ein fartsfylt kjelketur!
La beina få ein pause og len deg tilbake medan du kviler auga på dei kvite fjelltoppane utanfor. Kjenn kroppen bli god og varm, og når sveitten byrjar å renna kan dei som tør rulle seg i snøen utanfor!
Den beste kaffien i området får du i Kamben Kafé & Spel. Her kan du utfordra venner og familie i duckpin bowling, dart og shuffleboard. I tillegg kan du nyta enkle rettar, søtbakst og eit stort utval øl frå lokale bryggeri. Me viser også sportsendingar på TV-skjermane.
Når du er i Myrkdalen er du aldri langt unna nokon av Noregs vakraste fjordar. Unn deg ein dagstur til UNESCO verdsarvlista Nærøyfjorden. Om bord på Fjord Cruise glir du av garde på den vakre fjorden medan du samtidig kan kvila auga på dei majestetiske vinterfjella utanfor.
Ein annan perfekt avslutning på skidagen er å få eit unikt fondue-måltid i Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel. Det er meir enn berre eit måltid. Det er ei sosial og artig oppleving med ei litt annleis bordsete.
Når ei av verdas vakraste togturar ligg berre 45 minutt køyretur unna bør ein vel nytte sjansen? Få eit avbrekk frå skia og ta ein dagstur til Flåm. Flåmsbana har fleire daglege avgangar gjennom heile vinteren. Kanskje freistar det å hoppe av på Vatnahalsen Hotel for eit par timar med snøleik og vaffel og kakao?
I Restaurant Nuten på Myrkdalen Hotel får du oppleva den erkebritiske tradisjonen, med opphav heilt attende til 1800-talet. Her blir det klirring i gamalt porselen, heimelaga scones, sandwichar, nydelege søtsaker og sjølvsagt masse te!
I helgene og kvar dag i feriane gjennom heile vintersesongen fyrer me i gong bålpanna i gapahukane. Her er det hyggeleg å samlast og grilla pølser og marshmallows. Du finn tre gapahuk i området - ved Torget, ved skogsløypa att med barneområdet og oppi bakken, like ovanfor Myrkdalsekspressen. Ta med eigen grillmat!
Kvar laurdag og sundag gjennom heile skisesongen og alle dagar i ferievekene vert det tilrettelagte vinteraktivitetar for familiar ute på Torget, midt i sentrum av Myrkdalen Fjellandsby. Passar perfekt som eit lite avbrekk frå skikøyring.
2 min lesetid
3 min lesetid
1 min lesetid