Restaurant Nuten Fondue
I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!
Bestill nå
Ynskjer du berre oste- eller kjøtfondue, bestill direkte hjå hovmesteren eller send oss ein mail
Om Restaurant Nuten Fondue
Fondue er kjent som ein gamal sveitsisk mattradisjon, og sjølve ordet "fondue" er opphaveleg fransk og tyder "smelta".
Du får både kjøt- og ostefondue med masse godt tilbehøyr.
Dette er eit populært og sosialt måltid der du får servert bognande fat med små bitar av ulike typar kjøt som svin, okse og kylling, masse smelta ost, brød, fleire ulike sausar, grønsaker, frukt og pommes frites. Små fonduegryter med olje til å steika i vert plasserte på bordet.
Eit fonduemåltid er perfekt om de ynskjer ei unik og velsmakande matoppleving saman, der praten går lett og latteren sit laust rundt bordet. Velkomen til Nuten Fondue.
Kr 495,- per person.
Booking på nett stengjer midnatt dagen før, men du kan bestilla i resepsjonen fram til kl. 14.00 same dag. Fondue er tilgjengeleg frå kl. 18.00.
Opningstider
Open på førespurnad
Kontakt
Andre serveringsstader
Restaurant Nuten
Maten som blir servert i Restaurant Nuten skal smaka som landskapet - vilt og reint og med innslag av friske overraskingar. Difor består menyen av kortreiste kvalitetsråvarer.
Restaurant Tunet
I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får du den beste pizzaen i området. Sjølvsagt bakt i steinomn, med topping av lokale råvarer.
Fjellstova Vetlebotn
Fjellstova Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, er den naturlege møteplassen midt på fjellet. I sommar kan du nyta ein god kopp kaffi, is og lapskaus frå Haugen Gardsmat her.
Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.
Myrkdalsstovo
I andre etasje i Myrkdalsstovo, rett ved sida av Myrkdalsekspressen, serverer me rask mat for folk i farta!
Pudder Afterski
Pudder finn du på vestsida av Myrkdalen Hotel. Her er det matservering på dagtid samt afterski og fest ettermiddag/kveld.
Myrkdalsstovo Velkomstsenter
Kaféen rett ved sida av billettkontoret er kjent for sine nysteikte vafler, bollar og signaturretten Skikøyrar-sandwich. Har du medbrakt niste er du velkomen til å eta den her.