Påskepakke - med overnatting og heiskort
Opplev ein uforgløymeleg påskeferie på fjellet! Hjå oss kan du nyta lange dagar i bakken, leikne parkar, herleg offpiste terreng, nydeleg mat og ei eit stort utval av aktivitetar med og utan ski på beina.
Informasjon
Drøymer du om vårskikøyring, sol, kvikklunsj, påskerenn og rettar som høyrer påsken til? Alt dette og meir til får du dersom du tek påskeferien i Myrkdalen. Anten du reiser med familien, kjærasten eller åleina lover me god stemning.
Påskepakka vår innheld:
- 3-retters middag i Restaurant Nuten kvar dag
- Overnatting på Myrkdalen Hotel
- Hotellfrukost
- Heiskort (startar dagen etter framkomst)
Når du er framme er det berre å pakka ut av bilen, sjekka inn på hotellet og pusta ut. Påskeferien kan begynna. Her er det kvite vidder, nypreparerte slalåmbakkar og langrennsløyper som ventar. Alt ligg til rette for fine feriedagar. Og du? Hugs solkrem.
Kontakt
Aktivitetar i Myrkdalen
Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.
Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.
Trugetur i Myrkdalen
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.
Påskestemning for heile familien
Ofte stilte spørsmål
Har du spørsmål? Me har svar!