Fjellatter
Fjellatter er tilbake! Hald av denne hausthelga for humorfestival i Myrkdalen!
Om arrangementet
Klar for ei latterfylt helg? Fjellatter er tilbake! Hald av helga 12. - 13. september 2025 - då samlar me nemleg nokre av Noregs morosamste til humorfestival i Myrkdalen.
Helga vil by på stand-up med kjende komikarar, flotte naturopplevingar og ikkje minst, nokon skikkelege latterkuler!
På programmet står kjende namn som Odd Magnus Williamson, Maria Stavang, Hans Morten Hansen, Andrea Løvland, Laurits Lundgaard, Eirik Krokås og Henrik Støren. I tillegg vil fleire namn sleppast framover.
Ta med deg vennegjengen, kjærast eller kollega og bli med på ei uforgløymeleg helg. Me gler oss til å le saman med dykk!
Relevante tilbod

Kjøp festivalpass her!
Bli med på ei helg fylt med humor og underhaldning i Myrkdalen! Med festivalpasset får du tilgang til alle showa og dei beste komikarane på scena.

Hotellpakke - Festivalpass + Overnatting
Gjer festivalhelga komplett med vår hotellpakke! Inkluderer festivalpass til Fjellatter samt to netter på hotell med god frukost – perfekt for ei bekymringsfri og morosam helg i fjellet.
Program
Kontakt
Lokasjon
Praktisk informasjon
Det vert sett opp bussar frå Voss. Bestilling og informasjon om buss kjem seinare.
Showet går føre seg i eit oppvarma telt utanfor Myrkdalen Hotel. I teltet blir det servering av drikke før show, i pausar og etter show.
Pudder Afterski vil vera open etter slutten av showa.
Ikkje gå glipp av desse aktivitetane

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Topptur med guide
Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!