Fly vindtunnel på Voss
Har du nokon gong drøymt om å kunna fly? Hos Vossvind går draumen i oppfylling! Opplev den utrulege kjensla av vektløyse og fritt fall.
Opplev kjensla av å fly – trygt og spennande!
VossVind byr på ein heilt unik oppleving der du kan sveva fritt i trygge og kontrollerte omgivnader. Vindtunnelflyging er heilt trygt og utruleg spennande!
Den eldste som har floge i vindtunnelen på Voss var 102 år, og den yngste kan vera så ung som 5 år. Vektgrensa er 120 kg. Selv personar med ulike funksjonsnedsetjingar kan fly vindtunnel – alle kan vera med!
Ingen forkunnskapar? Ikkje noko problem! Pakkane våre inkluderer alt du treng: grundig instruksjon, leie av utstyr og ein erfaren instruktør som følgjer deg gjennom heile opplevinga.
Stor gruppe?
Så gøy! Me har gruppeprisar for familiar, bedrifter, utdrikkningslag og vennegjengar!
Godt å vite
Sesong
Møtepunkt
Møtepunkt
Opningstider
Onsdag - fredag
12.00 - 20.00
Laurdag
11.00 - 19.00
Søndag
11.00 - 17.00
Det er berre å gle seg!

Ikkje gå glipp av dette!

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellatter
Fjellatter er tilbake! Hald av denne hausthelga for humorfestival i Myrkdalen!