Knalltilbod Midtveke
Er du ein av dei heldige som har fri midt i veka mens alle andre er på jobb? Som kan bytta ut begrepet blåmandag med puddermåndag?
I Myrkdalen ligg alt til rette for alle som vil nyta kvardagen på ski – midt i veka.
Informasjon
Benytt deg av knalltilbodet til Myrkdalen Hotel på midtvekeopphald! Her får du overnatting, frukost og 2 dagar heiskort inkludert fra kr 1495,- per person i dobbeltrom.
Noter deg dette
Skikort hentar du ut i resepsjonen på Myrkdalen Hotel ved ankomst. 2-dagerskortet gjeld den dagen du sjekkar inn og neste dag. Kom derfor tidlig for å få mest mogleg skikøyring. Skisenteret opnar kl. 09.30 kvar dag. Du kan sjekka inn på hotellrommet etter fyrste dag i skibakken.
Bestiller du meir enn ei natt, får du eit heiskort ekstra per ekstra natt.
Bestill knalltilbud midtveke her
Pakka inkluderer ikkje key-card. Pakka gjeld ikkje i mellom jul og nyttår, vinterferievekene (veke 8 og 9) eller i påskeferien.
Gratis skibuss Voss - Myrkdalen - Voss
Avgang Voss: Gratis skibuss går frå bussholdeplassen foran Voss Kulturhus, rett ovenfrå Voss Busstasjon. Skyss sine busser går fra plattform B/C.
Avgang Myrkdalen: Gratis skibuss går fra parkeringsplassen utanfor Myrkdalen Hotel til bussholdeplassene ved Voss stasjon.
Les om skibussen her
Godt å vite
Sesong
Møtepunkt
Kontakt
Møtepunkt
Sjå andre pakker
Skihelg i Myrkdalen
Ei innhaldsrik skihelg på Myrkdalen Hotel med overnatting og heiskort fredag til søndag.
Knalltilbod Midtveke
Er du ein av dei heldige som har fri midt i veka mens alle andre er på jobb? Som kan bytta ut begrepet blåmandag med puddermåndag? I Myrkdalen ligg alt til rette for alle som vil nyta kvardagen på ski – midt i veka.
Ski inn - ski ut på Myrkdalen Hotel
Lurar du på kva du kan gjere på i Myrkdalen?
Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.
Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.
Trugetur
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.
Skredkurs
Fyll opp tursekken med kunnskapen du treng for å ferdast tryggast mogleg i skredutsette fjell. Lær deg å vurdera skredfare, ta rett vegval og få kjennskapar til kameratredning.
Toppturkurs
Helga 28. - 30. mars inviterer Breogfjell til toppturkurs i Myrkdalen. Lær om utstyr, turplanlegging og skredsikkerheit med erfarne instruktørar.
Ofte stilte spørsmål
Har du spørsmål? Me har svar