Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Aktivitetar i Myrkdalen

Sommarheis

Sommar
Lett

Ta Myrkdalsekspressen og kom deg høgt til fjells på eit blunk.

Om Myrkdalsekspressen

Stolheisen ligg like ved Myrkdalen Hotel og i løpet av fem minutt fraktar den deg opp til 860 meter over havet. Derifrå er det flotte turmoglegheiter vidare eller ein kan rusle ned til Fjellstova Vetlebotn for ein god lunsj.

Ynskjer du å gå til ein fjelltopp kan me anbefale Finnbunuten, 1358 m.o.h., her får du ein fantastisk utsikt til kjende isbrear som Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Folgefonna.

Eit kortare alternativ er å gå over til idylliske Mørkvesstølen. Langs stien er det flotte kulpar i elva som fristar til eit bad på varme sommardagar.

Godt å vite

Sesong

Sommar

Vanskelegheitsgrad

Lett

Møtepunkt

Myrkdalsekspressen

Kontakt

Møtepunkt

Myrkdalsekspressen

Stolheisen ligg på oppsida av Myrkdalen Hotel.

Praktisk informasjon

Tenk på dette før du tek heisen

  • Uansett korleis vêret er når du startar på turen, hugs at forholda i fjellet kan skifta raskt, ta med deg passande klede
  • Born under 10 år og 140 cm må ta stolheisen saman med ein vaksen
  • Stolheisen kan stenga på kort varsel grunna dårleg vêrforhold
  • Er du gravid, har nedsatt mobilitet, hjerteproblem eller høgdeskrekk bør du vudera om heisen er for deg. Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål.
  • Du kan ikkje ha med deg sykkel i heisen
  • Personar i ruspåverka tilstand får ikkje ta heisen

Andre aktivitetar

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel

Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Frå / per person

Overnatting

Myrkdalen Hotel

Moderne Myrkdalen Hotel ligg midt i eit mektig fjellandskap mellom aktivitetsbygda Voss og fantastiske fjordeventyr i Flåm. Eit hav av moglegheiter ventar på deg, anten du søkjer etter ein spanande ferie med familien eller ynskjer å finne roen i majestetisk vestlandsnatur.

Hytter i Myrkdalen

Skal du ha med venegjengen eller storfamilien til Myrkdalen Fjellandsby? Eller berre ynskjer god plass og sjølvhushaldning på skiferien? Leig ei av dei romslege hyttene i Myrkdalen.

Leilegheiter i Myrkdalen

Er de fleire som ynskjer å bu saman eller vil ha større plass med moglegheit til å laga mat sjølv, er ferieleilegheitene med sjølvbetening i Myrkdalen Fjellandsby eit godt tips. Det er gangavstand til skiheisane om vinteren og sykkel- og turområde om sommaren. Restaurantar, kaféar og barar er også i nærleiken.