Leilegheiter i Myrkdalen
Er de fleire som ynskjer å bu saman eller vil ha større plass med moglegheit til å laga mat sjølv, er ferieleilegheitene med sjølvbetening i Myrkdalen Fjellandsby eit godt tips.
Det er gangavstand til skiheisane om vinteren og sykkel- og turområde om sommaren. Restaurantar, kaféar og barar er også i nærleiken.
Kjenn deg som heime
Med ferieleilegheit i Myrkdalen vil du kjenna deg som heime, og gje deg og reisefølget ditt meir plass og privatliv.
Alle ferieleilegheitene me tilbyr har høg standard og ligg nær skisenter om vinteren og vandrestiar om sommaren. Leilegheitene varierer i storleik og ligg i 7 ulike område rundt Myrkdalen sentrum. Dei fleste er privateigde så innreiing og utstyr varierer frå eining til eining, men alle har fullt utstyrt kjøkken inkludert oppvaskmaskin, bad med dusj og toalett, sofagruppe, TV og spisebord.
Leilegheiter
Øvre Bygardslii
Årmotssteinen, Britahaugen, Budeiehaugen
Helgatun - Leiligheter
Nedre Bygardslii
Vårstølen - Leiligheter
Studioleiligheter
Myrkdalen Hotel - Leiligheter
Servicetilbod
Kontakt
Aktivitetar
Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.
Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.
Skredkurs
Fyll opp tursekken med kunnskapen du treng for å ferdast tryggast mogleg i skredutsette fjell. Lær deg å vurdera skredfare, ta rett vegval og få kjennskapar til kameratredning.