Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Aktivitetar i Myrkdalen

Toppturkurs

Vinter
Lett

Helga 28. - 30. mars inviterer Breogfjell til toppturkurs i Myrkdalen. Lær om utstyr, turplanlegging og skredsikkerheit med erfarne instruktørar.

Bestill nå

Meld deg på her

Informasjon

Kurset er perfekt for deg som vil utforske fjellet på topptur og gir deg ei innføring i alt du treng å vite.

Du vil lære om riktig utstyr, turplanlegging, og trygg ferdsel i skredterreng, samt å forstå korleis ulike snøforhold påverkar terrenget. Kurset fokuserer på praktisk læring, der du kan teste dei nye kunnskapane dine i vinterfjellet.

Tema for kurset

  • Tilpassing og bruk av utstyr
  • Turplanlegging
  • Orientering og bruk av kart
  • Vegval
  • Skiteknikk
  • Snøkjennskap
  • Skred og skredredning
  • Bruk av skredvarsel

Les meir om kurset her.

Prisen inkluderer kurs og instruktør - overnatting kjem i tillegg og kan bookast her.

Det går gratis skibuss fra Voss, som korresponderer med tog fra Oslo og Bergen. Se rutetider her.

Godt å vite

Sesong

Vinter

Vanskelegheitsgrad

Lett

Aldersgrense

16

Pakkeliste

  • Alpine turski (Randonèe), telemarkski, eller splitboard
  • Skistøvlar
  • Stavar
  • Skarejern (valfritt)
  • Sendar/Mottakar (skredsøkar), spade og søkjestang
  • 30-40L sekk
  • Solbriller
  • Goggles / skibriller
  • Termos med varm drikke og matpakke
  • Bekledning for ein dag i vinterfjellet
  • Isolerande undertøy (fortrinnsvis ull)
  • Vind/vanntett ytterbekledning
  • Lue
  • Hanskar/vottar
  • Isolasjonsjakke (dun, primaloft eller ull)

Breogfjell tilbyr utlån av skredutsyr som sendar/mottakar, søkjestang og spade.

Kontakt

© Sverre Hjørnevik

Andre aktiviteter i Myrkdalen

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Skredkurs

Fyll opp tursekken med kunnskapen du treng for å ferdast tryggast mogleg i skredutsette fjell. Lær deg å vurdera skredfare, ta rett vegval og få kjennskapar til kameratredning.