Kest Pop-Up Tapas
- Dato:
- –
- Stad:
- Myrkdalsstovo
Er du klar for den legendariske 80-tallsfesten i Myrkdalen?! 15. april blir det igjen liv og røre i trakkemaskingarasjen, då Sledgehammer tek plass på scena.
Tråkkemaskingarasjen blir forvandla til fest- og konsertlokale!
Dette arrangementet har blitt utselt år etter år – og det er ikkje utan grunn! Me gjer om tråkkemaskingarasjen til ein glitrande 80-talsarena, der musikk, dans og fest møter nostalgien si gullalder.
Sledgehammer er tilbake, og dei leverer ikkje mindre enn det beste av det beste frå 80-talet! Gjer deg klar for ein kveld fylt med monsterhits frå ikon som Michael Jackson, Whitney Houston, Lionel Richie, Phil Collins, Tina Turner – og sjølvsagt mange fleire. Kva gler du deg mest til å danse til? 🎤💃
Så, kva ventar du på? Krepp håret, finn fram den gamle, fargerike skidressen, og gjer deg klar til å spole tida tilbake! Men ver rask – billettane forsvinn raskare enn eit Walkman-batteri på siste verset.
🎿 Afterski på Pudder frå kl. 15.00, med deilig grillmat utanfor.
🎶 Dørene opnar i tråkkemaskingarasjen kl. 18.00.
🎸 Sledgehammer på scena kl. 19.00 – det blir hit etter hit, så du kan ikkje stå stille!
🌭 Det blir pølsesal i garasjen for deg som treng ein liten matbit undervegs.
🪩 DJ held festen i gang til kl. 01.00.
Praktisk info:
Me har børsta støv av diskokula og er klare for årets tidsreise! Me sjåast på dansegolvet! 🕺✨