Open Klasse
Kom og leik med oss i Myrkdalen 24 - 27 april! Open Klasse er eit av dei største ski- og snøbrettarrangementa i landet og er fylte til randa av leikne konkurransar, minievents, konsertar, afterski og anna moro.
Om arrangementet
Open Klasse er for DEG - anten du er ung, gammal, profesjonell eller amatør. Du kan også velja å bli med berre for det sosiale - det blir afterski, konsertar, solsteik(forhåpentleg) og god stemning(garantert)!
Har du sesongkort i Myrkdalen? Då får du 30% rabatt på billett til Open Klasse. Bruk rabattkoden «GULL30» ved bestilling.
Program kjem snart.
Les meir om Open Klasse her.
Relevante tilbod

Festivalpass (18+)

Festivalpass (under 18)
Lokasjon



Få ein smakebit på Open Klasse!
Ikkje gå glipp av dette!

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Topptur med guide
Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!

Skredkurs
Fyll opp tursekken med kunnskapen du treng for å ferdast tryggast mogleg i skredutsette fjell. Lær deg å vurdera skredfare, ta rett vegval og få kjennskapar til kameratredning.

Restaurant Nuten Fondue
I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.