Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Arrangement

Familieframsyning i Myrkdalen: Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane

1. mars 2025

Grunna uforutsette reiseproblem kan ikkje Teaterrottene spelast som planlagt. I staden vil me visa familieteateret Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane – ei spennande og morosam framsyning for heile familien.

Takk for forståinga, me gler oss til å sjå dykk!

Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane

Bli med på eit spennande eventyr i figurteaterframsyninga Isbjørnen Bjørnis og dei raude prikkane, basert på barneboka av Sofie Cappelen.

Djupt inne i den kvite villmarka på Svalbard bur den nysgjerrige isbjørnguten Bjørnis. Ein dag får han vondt i magen – noko er gale med maten hans. Små, raude prikkar dukkar opp, og om natta ser han korleis dei kjem flygande med vinden frå sør. Kvar kjem dei frå? Og kvifor blir dei fleire?

Med hjelp frå sin kloke ven, kvalrossen Kvalen Ross, avslører Bjørnis ei mørk hemmelegheit: Dei raude prikkane kjem frå fabrikkane til menneska langt unna. Men Bjørnis nektar å la heimplassen sin bli øydelagd. Han må handle – og han har ein plan.

Ei vakker, gripande og tankevekkjande framsyning for heile familien!

Praktisk informasjon

Anbefalt alder: 3–8 år

Pris: Barn 125 NOK

Vaksne 180 NOK

Stad: Storebotn, Myrkdalen Hotel

Tid: Framsyninga startar kl. 15.00 og varer i 40 minutt

Kontakt

Få med deg dette!

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Skredkurs

Fyll opp tursekken med kunnskapen du treng for å ferdast tryggast mogleg i skredutsette fjell. Lær deg å vurdera skredfare, ta rett vegval og få kjennskapar til kameratredning.

Fra / pr person

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellatter

Fjellatter er tilbake! Hald av denne hausthelga for humorfestival i Myrkdalen!

Pakketilbod: Vinterferie i Myrkdalen

Len deg tilbake og nyt vinterferien! Pakken inkluderer tre-rettars middag, overnatting, frukost og heiskort.


Frå / per person
Les meir