Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Arrangement

Kest Pop-Up Tapas

22. februar 2025 - 1. mars 2025
Myrkdalsstovo

Me ønskjer deg hjarteleg velkomen til vårt Pop-Up Tapas-konsept i Myrkdalen. Rettene er laga for å bli delte, så ta med deg dine næraste og nyt eit usedvanleg godt måltid etter ein dag i skibakken.

Om arrangementet

I vinterferien kjem kjøkkensjefen frå Kest, Mantas Vaidelis, til fjells for å forvandla Myrkdalsstovo til ein Pop Up Tapas Restaurant. I éi veke, har du mogligheit til å oppleva lokale matvarer kombinert med spanske matlagingsteknikkar.

Menyen består av ingrediensar med høg kvalitet og inneheld eit utval av forretter, hovudretter og dessert - som alle er ypparlege for deling!

Anten du er ute etter eit par småretter eller ein komplett middag, har me noko som passar for deg.

Restauranten er open kvar dag mellom 19.00 og 22.00 i perioden 22.02 til og med 01.03.

Kom innom eller bestill bord i førevegen - det kan gjerast i resepsjonen på Myrkdalen Hotel eller ved å senda e-post til restaurant@myrkdalenhotel.no

Location

Myrkdalsstovo
© Chris Baldry

Ikkje gå glipp av dette

Topptur med guide

Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!

Frå / per gruppe

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Skredkurs

Fyll opp tursekken med kunnskapen du treng for å ferdast tryggast mogleg i skredutsette fjell. Lær deg å vurdera skredfare, ta rett vegval og få kjennskapar til kameratredning.

Fra / pr person

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Trugetur i Myrkdalen

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.