Sesongkort for studentar, vernepliktige og pensjonistar
Er du fulltidsstudent over 18 år, vernepliktig eller pensjonist over 70 år? Me har eit knalltilbod på sesongkort for vintersesongen 2024/2025, inkludert sommarheisen som er ope i juli og august 2025.
Merk: Tilbodet kan kun kjøpast i billettluka i Myrkdalsstovo ved framvising av gyldig bevis.

Knalltilbod sesongkort kr 2690,-
Tilbodet gjeld heile vintersesongen og er tilgjengeleg for:
- Fulltidsstudentar over 18 år ved høgskular, universitet eller fagskular, med gyldig studentbevis og betalt semesteravgift.
- Vernepliktige som dimitterer i april 2025.
- Pensjonistar over 70 år.
Gyldig bevis må medbringast ved bruk av skianlegget gjennom heile sesongen.
Studenttilbod dagskort
I Myrkdalen får studentar også 40 % rabatt på dagskort kvar dag gjennom heile skisesongen.
Korta kjøper du i billettluka i Velkomstsenteret vårt, mot framvising av studentbevis og betalt semesteravgift.
I Myrkdalen finn du alt frå familievenlege grøne løyper, lange blå for nybyrjarar og meir krevjande svarte for dei mest erfarne.
Skibuss og skitog
Gjer det enkelt og tenk miljø. I vintersesongen kan du ta gratis skibuss frå Voss stasjon til Myrkdalen. Bussane korresponderer med tog frå og til Bergen og Oslo.
Les meirPopulære aktivitetar

Topptur med guide
Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Trugetur i Myrkdalen
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.

Skredkurs
Fyll opp tursekken med kunnskapen du treng for å ferdast tryggast mogleg i skredutsette fjell. Lær deg å vurdera skredfare, ta rett vegval og få kjennskapar til kameratredning.