Frosty Frames
Er du klar for å forvandle dine ski- og snowboardeventyr til filmatiske mesterverk?
Om arrangementet
I løpet av tre dagar utfordrar du vener og hyttenaboar til å lage den beste ski- og snowboardfilmen frå bakken. Saman med laget ditt på 3 - 6 personar filmar, redigerer og konkurrerer de om å lage ein kreativ film på maks 99 sekund, samstundes som de sankar poeng ved å løyse ulike oppgåver undervegs.
Bruk det utstyret de har, slepp kreativiteten laus, og lag ein film som skil seg ut!
🎥 Reglar:
- Alle deltakarar må bruke vest (vert delt ut ved registrering).
- Filmen skal ikkje vere lengre enn 99 sekund og må leverast digitalt innan torsdag kl. 15:00 (link vert sendt ut).
- Ekstrapoeng for å løyse oppgåver undervegs.
🏆 Premiering:
- Familieklasse og Shredderklasse, med premiering av 1., 2., og 3. plass.
- Filmvising og premiering skjer torsdag kl. 18:30 i Storebotn.
- Sjå detaljert program lenger nede!
📌 NB! Pris per person. Booking vert gjort i kalenderen på sida!
Program nedanfor!
Program
Vinterferie i Myrkdalen
Ta med store og små til fjells i vinterferien. Me byr på spennande aktivitetar, både med og utan ski på beina. Gjer deg klar for ein minnerik ferie!
Les meirSjekk ut dette i vinterferien!

Kest Pop-Up Tapas
Me ønskjer deg hjarteleg velkomen til vårt Pop-Up Tapas-konsept i Myrkdalen. Rettene er laga for å bli delte, så ta med deg dine næraste og nyt eit usedvanleg godt måltid etter ein dag i skibakken.

Finns snøklubb
Kvar laurdag frå 21. desember - 29. mars kan borna bli med på leik og moro i Badnabakken i Finns snøklubb.

Topptur med guide
Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå fjell til fjord
Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ein UNESCO-vernet perla, eller ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.