Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Myrkdalen

Vinterferie i Myrkdalen

Ta med store og små til fjells i vinterferien. Me byr på spennande aktivitetar, både med og utan ski på beina. Gjer deg klar for ein minnerik ferie!

Vinterferieprogram

I veke 7, 8 og 9 er det ekstra mykje moro som skjer i Myrkdalen. Ta ein titt på vårt vinterferieprogram og planlegg draumeveka di!

Veke 7: 10. - 16. februar
Veke 8: 17. - 23. februar
Veke 9

Daglege aktivitetar:

  • Leik på Torget fra 11.00 - 13.00 (17. februar - 2. mars)
  • Finns Barneskirenn i Mikkeltrekket. Påmelding kl. 13.30. Renn kl. 14.00 (24. februar - 2. mars)
  • Kest Pop-Up Tapas frå kl. 19.00 i Myrkdalsstovo

Aktivitetane «Finns Barneskirenn» og «Leik på Torget» er gratis og krev ikkje påmelding i forkant. Det er berre å møta opp!

Få med deg kva som skjer på Pudder Afterski her.

Meld deg på årets vinteraktivitetar her

Kanefart: Hest og slede

Bli med på ein stemningsfull kveldstur gjennom vinterlandskapet i Myrkdalen.

Kjøp

Quiz i Salto Lobby Bar

Meld dykk på som eit lag med vener og familie. Vi utfordrer dykk i alle kategoriar!

Kjøp

Renn i self-timer løypa

Kom deg frå start til mål på kortast mogleg tid!

Kjøp

Frosty Frames

Er du klar for å forvandla ski- og snowboardeventyra dine til filmatiske meisterverk?

Kjøp

Felles trugetur til villmarksleiren

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen.

Kjøp

Teaterrottene i Myrkdalen

Teaterrottene Pernille og Jeppe – En hemmelig forestilling full av eventyr!

Kjøp
© Chris Baldry
© Chris Baldry
© Chris Baldry

25. februar - 27. februar

Frosty Frames Filmfestival

Er du klar for å forvandla ski- og snowboardeventyra dine til filmatiske meisterverk? Meld deg på her.

I løpet av tre dagar utfordrar du vener og hyttenaboar til å laga den beste ski- og snowboard filmen frå bakken. Saman med laget ditt sankar du poeng ved å løysa oppgåver undervegs.

Produser film med det du har av utstyr og slepp kreativiteten laus.

Reglane er enkle:

  • Lag på 3 - 6 personar
  • Kvart lag har to dagar til å filma og klippa saman filmen
  • Filmen skal ikkje vera lenger enn 99 sekundar
  • Alle i filmen må ha på seg eigen vest. Denne får ein får utdelt
  • Frist for levering er søndag kl 15.00 på nett (det blir sendt ut link)
  • Ekstra poeng for kvar oppgåve ein løyser undervegs
  • Det vert premiering i 2 klassar: Familie- og shredder-klasse. 1-, 2- og 3-plass vil bli kåra i kvar klasse.
  • Framsyning i Storebotn på storskjerm og premiering kl 18.30 på torsdag

Registrering, briefing og utdeling av vester og oppgåver foregår kl. 15.00 i Storebotn tirsdag 25. februar. Det er også mogleg å plukka opp vestar og oppgåver mellom kl. 09.00 og 10.00 onsdag morgon.

Det blir filmkveld med inspirerande ski-og snowboardfilmer halvvegs i konkurransen, onsdag kl. 19.00 i Storebotn. Me viser også filmane frå i fjor, og dessutan ein film av Klaus Finne.

Kest Pop-Up Tapas

Me ønskjer deg hjarteleg velkomen til vårt Pop-Up Tapas-konsept i Myrkdalen. Rettene er laga for å bli delte, så ta med deg dine næraste og nyt eit usedvanleg godt måltid etter ein dag i skibakken.


Pakketilbod: Vinterferie i Myrkdalen

Len deg tilbake og nyt vinterferien! Pakken inkluderer tre-rettars middag, overnatting, frukost og heiskort.


Frå / per person
Bestill overnattingspakke

Dypvevsmassasje for Fjellfolk

Muskelterapaut Helene frå Knipetak kjem til fjells 8., 24., 26. og 28. februar for å gje behandling:

Vel mellom:

  • 30 minutt rygg/nakke/armar (800,-)
  • 30 minutt bein (800,-)
  • 60 minutt heile kroppen (1550,-)

Booking i resepsjonen på Myrkdalen Hotel! Kontakt Helene dersom du har spørsmål: +47 90 27 5748.

Møt Slettvoll i Myrkdalen

I vinterferien har du sjansen til å møta Slettvoll Bergen. På Myrkdalen Hotel kan du besøkja eit showroom i peisestova, der dei gir deg inspirasjon, råd og rettleiing til innreiinga di.

Slettvoll byr på lett servering, og du får òg med deg ei utgåve av deira nyaste katalog.

Til stades følgjande dagar:

  • Torsdag 27. februar, kl. 16–21
  • Fredag 28. februar, kl. 13–21
  • Laurdag 1. mars, kl. 10–15

Ikkje gå glipp av desse aktivitetane!

Aketur

Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Frå / per person

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Frå / pr person

Frå fjell til fjord

Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ein UNESCO-vernet perla, eller ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.

Toppturkurs

Helga 28. - 30. mars inviterer Breogfjell til toppturkurs i Myrkdalen. Lær om utstyr, turplanlegging og skredsikkerheit med erfarne instruktørar.

Trugetur i Myrkdalen

Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.