Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Arrangement

Ost, Sider og Tomren

25. januar 2025
Myrkdalen hotel

25. januar inviterer me deg til ein eksklusiv ost- og sidersmaking, etterfylgt av ein stemningsfylt konsert med Bjørn Tomren. Bli med på ein uforgløymeleg kveld fylt med musikk, smak og gode stunder!

Ost- og Sidersmaking

Arvid Notland er fromager (ostesommelier) med utdanning frå Academy of Cheese i England. Han er over gjennomsnittet begeistra for ost, og jobbar på heiltid med å snuse fram dei beste ostane og formidle osteglede. Hjå oss tryllar han fram fantastiske ostar frå både bygd og by, og vil saman med Kvestad Sideri guida deg ut på ei eineståande reise i ekte, norske smakar.

Kvestad Sideri ligg under Folgefonna i Hardanger, på luftige 220 meter over havet. Her har familien produsert eple og laga sider i mange generasjonar. Siderane til Kvestad haustar mange merittar - den veletablerte “1808” frå Kvestad har vunne prisen for beste moderne norske sider, og Merete Bø løfta i fjor fram “Adelstein" som den beste norske sideren ho har smakt på lenge.

Konsert med Bjørn Tomren

Bjørn Tomren kjem frå Romsdalen - Noregs svar på Tyrol? Mange kjenner Bjørn frå Stjernekamp på NRK der han stakk av med ein velfortent seier – men Bjørn har fleire sider. Bortsett frå at han kan jodle som ein vassekte Tyroler, har Tomren eit bronse frå VM i strupesang, og har mellom anna turnért med A-ha.

Han held også ein unik verdensrekord, med flest ulike forseringar av Noreg på langs – både til fots, på ski, i båt og i kajakk. Velkomne til Tomrens univers!

Ta gjerne med deg nokon du likar – denne opplevinga bør absolutt delast!

Det vil bli sett opp bussar t/r Voss, for 150 kroner per person.

Relevante tilbod

Ost- og sidersmaking + konsert med Bjørn Tomren

Legg til 3-retters middag på Restaurant Nuten for 600 kroner per person

Kun konsert med Bjørn Tomren

Overnattingspakke Myrkdalen Hotel

Inkluderer 3-retters middag på Restaurant Nuten

Frå / per person
Sjå tilgjengelegheit

Program

Kontakt

Lokasjon

Myrkdalen hotel
Få vegskildring

Ikkje gå glipp av desse aktivitetane i Myrkdalen

Topptur med guide

Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!

Frå fjell til fjord

Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ein UNESCO-vernet perla, eller ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna

Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel

Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Frå / per person
© Jon Hunnålvatn Tøn