Ost, Sider og Tønes
Obs! Bjørn Tomren skulle eigentleg opptre på dette arrangementet, men måtte avlysa grunna sjukdom. Heldigvis har me gleda av å kunngjera at Tønes trer inn som erstattar!
25. januar inviterer me deg til ein eksklusiv ost- og sidersmaking, etterfølgd av ein stemningsfull konsert med Tønes. Bli med på ein uforgløymeleg kveld fylt med musikk, smak og gode stunder!
Ost- og Sidersmaking
Arvid Notland er fromager (ostesommelier) med utdanning frå Academy of Cheese i England. Han er over gjennomsnittet begeistra for ost, og jobbar på heiltid med å snuse fram dei beste ostane og formidle osteglede. Hjå oss tryllar han fram fantastiske ostar frå både bygd og by, og vil saman med Kvestad Sideri guida deg ut på ei eineståande reise i ekte, norske smakar.
Kvestad Sideri ligg under Folgefonna i Hardanger, på luftige 220 meter over havet. Her har familien produsert eple og laga sider i mange generasjonar. Siderane til Kvestad haustar mange merittar - den veletablerte “1808” frå Kvestad har vunne prisen for beste moderne norske sider, og Merete Bø løfta i fjor fram “Adelstein" som den beste norske sideren ho har smakt på lenge.
Obs! Bjørn Tomren skulle eigentleg opptre på dette arrangementet, men måtte avlysa grunna sjukdom. For spørsmål, kontakt kundeservice@myrkdalenhotel.no.
Konsert med Tønes
Tønes frå Sokndal er ein vellykka visesongar, tekstforfattar, gitarist og komponist. Songane hans minner om små noveller og er framførte på dialekt. Med det musikalske talentet sitt og unike forteljarevne skaper Tønes ein heilt spesiell atmosfære.
Ta gjerne med deg nokon du likar – denne opplevinga bør absolutt delast!
Det er satt opp buss t/r Voss, for 150 kroner per person. Den går frå Voss Kulturhus kl. 14.30 med retur frå Myrkdalen Hotel kl 22.00. Må bestillast på førehand.
Relevante tilbod
Ost- og sidersmaking + konsert med Tønes
Legg til 3-retters middag på Restaurant Nuten for 600 kroner per person
Kun konsert med Tønes
Overnattingspakke Myrkdalen Hotel
Inkluderer 3-retters middag på Restaurant Nuten
Program
Kontakt
Lokasjon
Ikkje gå glipp av desse aktivitetane i Myrkdalen
Topptur med guide
Drøymer du om urørt puddersnø, spektakulær fjordutsikt og ei minnerik oppleving i den norske fjellheimen? Bli med på ein guida topptur!
Frå fjell til fjord
Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ein UNESCO-vernet perla, eller ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.
Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.
Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.
Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.