
Ski boogie og 80-talsfest
- Dato:
Opplev standup-magi med Christoffer Schjelderup, Ole Soo og Jan Tore Kristoffersen i april!
For fyrste gong på mange år står tre av Bergens skarpaste og morosamaste komikarar saman på scena! Christoffer Schjelderup, Ole Soo og Jan Tore Kristoffersen er ein del av ein gyllen generasjon vestlandske standupkomikarar, og no samlast dei igjen for ein kveld fylt med rå, ærleg og treffsikker humor.
Akkurat no jobbar dei alle med nytt materiale til kommande soloframsyningar – og du får eit eksklusivt høve til å vera med når nye vitsar blir testa ut for første gong og gamle favorittar blir finslipte.
Dette blir ein unik kveld med tre av Noregs fremste standupkomikarar samla på éi scene. Ingen filter, ingen manus – berre ekte, uføreseielege og hylande morosam standup. Bli med på latterfesten – dette vil du ikkje gå glipp av!
Vel mellom 10. april i Blåskavlen på Fretheim Hotel eller 11. april på Pudder Afterski på Myrkdalen Hotel.
Ole Soo er den rappkjefta bergens-komikaren som har teke humornorge med storm. Med sin ærlege og krasse stil har han komme som ein virvelvind opp på scena. Soo driv ikkje berre med standup på scena, men er også ein kritikarrost regissør, konferansier, og tekstforfattar. Han har jobba både med regi for soloframsyningar som Christoffer Schjelderup og Sturla Berg Johansen, og som tekstforfattar for Johan Golden, Marit Voldsæter og Stian Blipp Show.
Han er også kjend frå podkasten Enkel Servering, og dessutan ulike VGTV-produksjonar, frå Rikets Roast til Bordtenniskameratene saman med m.a. komikar Morten Ramm.
Christoffer Schjelderup er allereie ei komi-legende i Bergen og blir stadig meir kjent i resten av landet. Dei hardtslåande og treffsikre vitsane hans er garanti for latterbrøl. Christoffer blir gjerne kalla gudfaren i Stand Up Bergen, då han har vore den soleklare pådrivaren for miljøet i heimbyen sidan starten av 2000-talet. Han har ei høg stjerne i komikarmiljøet, noko som vart bevist då han vann Stå Opp-prisen i 2014.
Hans soloframsyning Tro, hat & ærlighet frå 2018 fekk strålande meldingar i bergenspressa og vart spelt for eit stort publikum. Christoffer Schjelderup har to år på rad vore ein del av Julegøy-konseptet på Ole Bull Scene. Han er fast gjest på Klubbscenen på Latter og Stand Up Bergens klubbkveldar, i tillegg til at han står bak fleire populære podkastar.
Under pandemien hadde han stor suksess med det nedstrippa og improviserte digitale Bodshow to gonger i veka. Christoffer har nyleg spelt for over 15 000 menneske med sitt andre soloshow Var det dumt det?!
Jan Tore Kristoffersen var som tolvåring nominert til Amanda for Beste mannlege skodespelar i 1999. Han var ein talentfull barneskodespelar som fann vegen til standup-scena ti år seinare, der han så absolutt høyrer heime.
Jan Tore starta med standup i 2009 og året etter vann han prisen for Beste Nykommer under Den Store Norske Humorfestival i Stavanger. Sidan den gongen har han halde til i Bergen der han står jamleg på klubbkveldar på Ricks i regi av Standup Bergen, og han er ofte å finna på Latter i Oslo.
Dag Sørås har brukt han som fast oppvarmar for showet sitt Ekkokammer på dei fleste scener rundt om i landet. Ærleg og tragikomisk står han på scena med ein unik og original humor. Hausten 2023 debuterte Jan Tore med det første soloshowet sitt Ingenting å tapa på Lille Ole Bull.