Strikkehelg
31. oktober - 2. november ønskjer me velkomne til ei koseleg helg i Myrkdalen. Nyt den friske fjellufta i godt lag saman med andre strikkeglade!
Strikkehelg er tilbake
Hald av datoane! Akkurat når novemberkulda smyg seg på, er det perfekt å trekkja innandørs i lune lag i fjellheimen. I år som i fjor har me skreddar(strikka)sydd eit program for deg som elskar strikking!
Dette er niande gong vi arrangerer dette populære arrangementet, og helga vil som vanleg by på spennande kurs, inspirerande foredrag, utstillingar – og ikkje minst: den populære mannekengoppvisinga med trekking av premiar, leia av konferansier Astrid Norekvål Tillung.
Årets tema: Berekraft
Me set fokus på gjenbruk, redesign og det å bruka opp restegarn! For å inspirera oss til å bli meir berekraftige strikkarar, kjem sjølvaste Kari Traa og gir oss eit spark bak. Ho deler korleis ho likar å skapa noko nytt av noko gammalt.
Har du planar om å vere heile helga? Ta gjerne med eit strikkeplagg du ikkje brukar lenger, og sel det på vårt bruktstativ! Plagga må vere handstrikka, reine og heile.
Konsert: Frida Amundsen
Laurdag kjem songar Frida Amundsen og underheld oss med vakre tonar. Meir program kjem snart – men éin ting er heilt sikkert: det blir strikking, skravling og skrøner. Me gler oss til å dele erfaringar – og kanskje nokre hemmelege strikketriks!
Ta med deg eit prosjekt du held på med, eller start på noko heilt nytt med inspirasjon frå dei andre deltakarane.
I prisen er både mat og underhaldning inkludert. For ein rimeleg pris kan du òg leggja til overnatting i ei god hotellseng, med frukost inkludert.
Billettar kjem snart!
Kontakt
Lokasjon
Andre aktivitetar i Myrkdalen

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Afternoon Tea på Myrkdalen Hotel
Unn deg ein eksklusiv ettermiddag med Afternoon Tea og gode vener.

Restaurant Nuten Fondue
I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!