Hopp til innhaldet
Gå tilbake til Mat og drikke

Myrkdalsstovo

Lunsj, middag
Vinter

I andre etasje i Myrkdalsstovo, rett ved sida av Myrkdalsekspressen, serverer me rask mat for folk i farta!

Bestill nå

Ta kontakt for meir informasjon og booking

Send oss ein e-post

Om Myrkdalsstovo

Anten du treng energipåfyll etter skituren, er kaffitørst eller ynskjer noko godt i glaset, finn du gode alternativ i Myrkdalsstovo.

Burger og pommes frites er signaturretten, men du får også andre rettar som suppe, salat og baguettar.

På jakt etter selskapslokale? Myrkdalsstovo er perfekt til bryllaup, dåp, konfirmasjon og andre private arrangement.

Opningstider

Mån – Søn:
09:00 – 16:00

Meny

Her får du rettar som burger, supper, salt, baguettar og pølser.

Kontakt

Andre serveringsstader

Restaurant Nuten

Maten som blir servert i Restaurant Nuten skal smaka som landskapet - vilt og reint og med innslag av friske overraskingar. Difor består menyen av kortreiste kvalitetsråvarer.

Restaurant Tunet

I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får du den beste pizzaen i området. Sjølvsagt bakt i steinomn, med topping av lokale råvarer.

Fjellstova Vetlebotn

Fjellstova Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, er den naturlege møteplassen midt på fjellet. I sommar kan du nyta ein god kopp kaffi, is og lapskaus frå Haugen Gardsmat her.

Kamben Kafé & Spel

I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Restaurant Nuten Fondue

I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!

Frå

Salto Lobby Bar

Baren i fyrste etasje på Myrkdalen Hotel er ein hyggeleg samlingsstad der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta nye krefter til morgondagen.

Pudder Afterski

Pudder finn du på vestsida av Myrkdalen Hotel. Her er det matservering på dagtid samt afterski og fest ettermiddag/kveld.

Myrkdalsstovo Velkomstsenter

Kaféen rett ved sida av billettkontoret er kjent for sine nysteikte vafler, bollar og signaturretten Skikøyrar-sandwich. Har du medbrakt niste er du velkomen til å eta den her.