Restaurant Tunet
I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får du den beste pizzaen i området. Sjølvsagt bakt i steinomn, med topping av lokale råvarer.
Om Restaurant Tunet
Det går gjetord om pizzaen vår – lukker ein auga må ein minna seg sjølv på at ein er på eit fjellhotell i Noreg og ikkje på ein Piazza i Napoli.
Pizzaen kjem i mange variantar, både rød og kvit og med og utan kjøt. Som tilbehøyr kan du velja mellom fleire ulike dressingar. Glutenfri pizzabotn er tilgjengeleg for deg som treng det.
I tillegg til pizza, finn du også andre velsmakande rettar og dessertar på á la carte-menyen. Her kan du eta lunsj og middag kvar dag i vinter- og sommarsesongen.
Opningstider
- Mån – Søn:
- 12:00 – 22:00
Meny
Kontakt
Galleri

Andre serveringstader

Restaurant Nuten
Maten som blir servert i Restaurant Nuten skal smaka som landskapet - vilt og reint og med innslag av friske overraskingar. Difor består menyen av kortreiste kvalitetsråvarer.

Restaurant Nuten Fondue
I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!

Fjellstova Vetlebotn
Fjellstova Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, er den naturlege møteplassen midt på fjellet. I sommar kan du nyta ein god kopp kaffi, is og lapskaus frå Haugen Gardsmat her.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Myrkdalsstovo
I andre etasje i Myrkdalsstovo, rett ved sida av Myrkdalsekspressen, serverer me rask mat for folk i farta!

Myrkdalsstovo Velkomstsenter
Kaféen rett ved sida av billettkontoret er kjent for sine nysteikte vafler, bollar og signaturretten Skikøyrar-sandwich. Har du medbrakt niste er du velkomen til å eta den her.

Pudder Afterski
Pudder finn du på vestsida av Myrkdalen Hotel. Her er det matservering på dagtid samt afterski og fest ettermiddag/kveld.