Pudder Afterski
Pudder finn du på vestsida av Myrkdalen Hotel. Her er det matservering på dagtid samt afterski og fest ettermiddag/kveld.
Om Pudder Afterski
Anten du treng ein pause frå skikøyringa, vil syngje med på afterski-hits, eller danse til langt på natt, er Pudder staden å vere!
I helgene gjennom heile vinteren byr me på ei lun varmestove og enkel matservering på dagtid – perfekt for ei rask opplading mellom turane i bakken. Når heisane stenger, skrur DJ-en opp volumet og sørgjer for skikkeleg afterski-stemning med musikk som garantert får deg ut på dansegolvet.
Kos deg med noko kaldt å drikka eller ein deilig kopp kakao med masse krem
For dei som vil halde festen gåande, opnar Pudder igjen etter ei lita pause – no som nattklubb! Med dunkande bass, energisk stemning og full festmodus er dette staden der skidagen smeltar saumlaust over i nattas høgdepunkt.
🎿 Mat & varme på botnen av bakken
🎶 Allsong og afterski-stemning
💃 DJ & dans til langt på natt
Velkomen til Pudder ⛷🔥
Opningstider
- Mån – Tor:
- Stengt
- Fredag:
- 21:00 – 01:30
- Laurdag:
- 15:00 – 01:30
- Søndag:
- Stengt
Kontakt
Program Salto Lobby Bar i vinterferien (24. februar - 2. mars)
Mandag: Musikkbingo 17:00 - 18:00 / Trubadur Heine Salbu 20:00 - 00:00
Tirsdag: Trubadur Heine Salbu 20:00 - 00:00
Onsdag: Musikkbingo 17:00 - 18:00 / Trubadur Heine Salbu 20:00 - 00:00
Torsdag: Musikkbingo 17:00 / Trubadur Heine Salbu 20:00 - 00:00
Fredag: Quiz 20.00 - 21.30 / Trubadur Heine Salbu 21.30 - 00:00
Lørdag: Trubadur Heine Salbu 20:00 - 00:00
Merk deg disse datoane i Pudder Afterski
22. mars: Splint Afterski frå 15.00
5. april: Afterski med Trubadur Stian Thorvaldsen + DJ

Andre serveringstader

Salto Lobby Bar
Baren i fyrste etasje på Myrkdalen Hotel er ein hyggeleg samlingsstad der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta nye krefter til morgondagen.

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellstova Vetlebotn
Fjellstova Vetlebotn, like ved Kari Traa-trekket, er den naturlege møteplassen midt på fjellet. I sommar kan du nyta ein god kopp kaffi, is og lapskaus frå Haugen Gardsmat her.

Restaurant Nuten
Maten som blir servert i Restaurant Nuten skal smaka som landskapet - vilt og reint og med innslag av friske overraskingar. Difor består menyen av kortreiste kvalitetsråvarer.

Restaurant Nuten Fondue
I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!

Restaurant Tunet
I Restaurant Tunet på Myrkdalen Hotel får du den beste pizzaen i området. Sjølvsagt bakt i steinomn, med topping av lokale råvarer.

Myrkdalsstovo Velkomstsenter
Kaféen rett ved sida av billettkontoret er kjent for sine nysteikte vafler, bollar og signaturretten Skikøyrar-sandwich. Har du medbrakt niste er du velkomen til å eta den her.

Myrkdalsstovo
I andre etasje i Myrkdalsstovo, rett ved sida av Myrkdalsekspressen, serverer me rask mat for folk i farta!