Påskeferie i Myrkdalen
Kvikklunsj, appelsin, slush-føre og sol i fjellet – påska er magisk i Myrkdalen! Ta med familien og nyt lange skidagar, spennande aktivitetar og stemningsfulle arrangement for både store og små. Her finn du full oversikt over alt som skjer i Myrkdalen i påska. Velkomen til fjells!

Program
Fredag 11. april
Søndag 13. april
- Kl. 11.00: Kurs i kameratredning ved skred med Wild Voss.
Kvar dag 14. - 19. april
- Kl. 09.30-12.00: Finn bamsen Torleif!
Påskekyllingen Torleif går seg vill kvar påske, og i år er ikkje noko unntak! Kvar dag gjennom heile påska blir bamsen gøymd ein stad i skianlegget. Det blir lagt ut eit hint med tag #korertorleif kvar morgon. Alle som finn han og sender selfie saman med Torleif til aktiv.myrkdalen@norwaysbest.com er med i trekkinga av premie. Vinnaren blir annonsert på Instagram dagleg.
Mandag 14. april
- Kl. 18.00: Filmframsyning i Storebotn. Film: «Bilar 1» - tillate for alle.
Tirsdag 15. april
- Kl. 13.00-15.00: Paralellrenn i Landsbybakken. Hugs kostyme! Premieutdeling i Pudder etter rennet.
- Kl. 19.00: 80-talsfest med Sledgehammer i trakkemaskingarasjen.
Onsdag 16. april
- Kl. 15.00: Påskebingo for barn i Storebotn. Ingen påmelding, berre å møta opp.
Torsdag 17. april
- Kl. 18.00: Filmframsyning i Storebotn. Film: «Innsiden ut 1» - tillate for alle.
Fredag 18. april
- Kl. 19.00 - 21.00: Påskenøtter med Olav Handeland på Salto Lobby Bar (18+)! Samle eit lag på 2–5 personar og test kunnskapen deira i fleire spennande kategoriar. Det er premie til vinnarlaget! Meld deg på i resepsjonen frå kl. 08.00 same dag.
Laurdag 19. april
- Kl. 09.00: Guidet topptur til Larsfonnberget med Wild Voss. Påmeldingsfrist 36 timer før.
- Kl. 14.00: Finns Påskerenn (Kostymerenn for barn!). Påmelding frå kl. 13.30.
Søndag 20. april
- Kl. 14.00: Finns Barneskirenn. Påmelding frå kl. 13.30.
Påskepakke - med overnatting og heiskort
Opplev ein uforgløymeleg påskeferie på fjellet! Hjå oss kan du nyta lange dagar i bakken, leikne parkar, herleg offpiste terreng, nydeleg mat og ei eit stort utval av aktivitetar med og utan ski på beina.
Har du testet dette ennå?

Kamben Kafé & Spel
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Spel.

Fjellsauna
Fjellufta er ei oppleving i seg sjølv – frisk, rein og fylt med fornyande energi. Men ho er også kald, derfor er det godt å søkja tilflukt i badstova vår. Der kan du kjenna varmen trekkja djupt inn i musklane, medan du gjennom vindauget framleis kan kvila auga på Myrkdalens vakre fjelltoppar.

Aketur
Bli med på ein fartsfylt og morosam tur med snowracer frå toppen av Myrkdalsekspressen! Me tar siste heis opp slik at me får bakken for oss sjølv heilt ned att til Myrkdalen Hotel.

Trugetur i Myrkdalen
Bli med på ein idyllisk trugetur gjennom det snødekka landskapet i Myrkdalen. Me tek på trugene ved Myrkdalsstovo og vandrar inn til lavvoen ved villmarksleiren i Årmotslia. Her samlar me oss rundt bålet i lavvoen og kosar oss med varm drikke, snacks og historiefortelling om norsk kultur og tradisjonar, før me vender tilbake til Myrkdalen.

Frå fjell til fjord
Når du er i Myrkdalen, er du berre ein kort tur unna nokre av Noregs mest spektakulære fjordar. La skibeina kvila og nyt eit cruise på Nærøyfjorden, ein UNESCO-vernet perla, eller ta den legendariske Flåmsbana – ei av dei vakraste togreisene i verda.